Havørner i sommarkveldslys

Å fotografere handlar grunnleggjande om å fange lyset. Eit nokså «vanleg» motiv kan med dei rette lysforholda løftast fleire hakk og bli meir interessant for den som ser bildet. Fotolyset er oftast mest interessant og spennande om morgonen og kvelden. Litt før og litt etter soloppgang eller solnedgang. Den blå timen er det sikkert mange som kjenner til. Det var difor med litt ekstra forventning båten kasta loss kl 1800. AMT`en la ikkje til kai før etter kl 2200. 

I mellomtida gjekk turen først til Gyda og Tor, deretter til Gudrun og Ottar, før ein svingom seinast på kveldinga tilbake til Gyda og Tor. Gyda var som vanleg mest aktiv, men Tor hang seg på etter kvart han. Igjen bomma Gyda på første fiskeopptaket. Ho har òg ein tendens til å ta seg god tid og segle litt fram og tilbake før ho bestemmer seg for å hente fisken. Det kan difor bli mange ekstrabilder av havørn i lufta når kameraet er innstilt på 25 b/s. På eitt sånt fotoopptak kan det fort bli 150-200 bilete. Jobben blir desto større å slette bilete i Lightroom i etterkant. Det er ein akseptabel jobb for å få det optimale bilete.

Nedanfor er utvalde fotoglimt frå ein varm og fin sommarkveld i juni.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Gyda får som oftast fleire måser etter seg, men her har tjelden meldt seg på i mobbeflokken.

Gyda siktar seg inn på målet.

Låg kveldssol på himmelen gir god variasjon i lyssettinga.

Gyda stoppar opp i lufta og ser ut til å vurdere sitt neste innflygingstrekk.

Opps, der vart det bom for Gyda.

Kor vart den av? Litt av fisken vart i alle fall med opp.

Måsen prøver heile tida å forstyrre havørna, her Gyda i aksjon igjen.

Ottar

Det var berre Ottar som viste seg denne gongen. Gudrun var ikkje å sjå. Som sist vi var innom der, så kom Ottar flygande ut frå land før båten hadde stoppa. Han var tydelegvis svolten og kjente att båten. Vi var ikkje heilt klar til å hive ut fisk, så han sette seg på eit liggande furutre og venta imens, sjå foto nedanfor.

Ottar poserer fint på liggande furutopp. Fint å få eit miljøfoto med grått berg i bakgrunnen.

Stilbilde av Ottar, før han på neste foto hentar fisken.

Ottar fangar fisk til seg sjølv. Framleis inga teikn til hekking her.

Tilbake til Gyda og Tor

Det vart ein relativt kort stopp hos Ottar. Han var berre interessert i ein fisk, og Gudrun var som nemnt ikkje å sjå. Det var difor tid til å ta ein ekstra kveldsrunde til Gyda og Tor.

Det er alltid kjeft å få av måsen.

Miljøfoto av Tor. Han poserte svært så fint på dette døde furutrèet.

Tor glir inn mot furuskogen. Kanskje dette og miljøbildet over eg er mest fornøgd med på denne fotoøkta.

Takk for at du leste bloggen! Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor. Neste blogg er ikkje lenge unna.

Forrige
Forrige

Første julimøte med Gyda og Tor

Neste
Neste

Bli kjent tur til det nye havørnparet