Første julimøte med Gyda og Tor

På ettermiddagen 5. juli satte båten kursen til hytta for sommaren. Den turen går sjeldan i rett linje, og denne gongen var det Gyda og Tor som eg tenkte kunne få seg ein matbit til seg og dei to ungane dei har fostra fram. Ein bonus er da igjen å kunne fotografere dei i sitt naturlege og flotte element.

Ungane var på dette tidspunkt framleis i reiret, og fleire fiskar vart frakta opp dit av foreldra. Det er alltid interessant og artig å følgje havørnpar som har ungar i reiret. Det gir mange gode naturopplevingar, ikkje minst lydmessig. Når det er forventning om fisk, så er det mykje ungeskriking og tigging på gang. Da er det fint å stoppe motoren, og berre lytte til og sjå kva som skjer. Slike naturopplevingar er meir verdt enn det beste bildet.

Fotobloggen er litt på etterskot, men framover vil det kome fleire rapportar frå fleire andre havørnsafariar i juli. På den eine dukka det jammen meg opp eit anna dyr foran båten og. Så følg med vidare!

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Gyda med fullt fokus. 

Gyda siktar seg inn med ein lang venstresving. 

Gyda i aksjon. 

Er nok neppe Tor som har fått til knekken på dette treet, men kanskje han har bidrege litt?

Gyda bryr seg lite om måsen som prøver å forstyrre så godt den kan. 

Himmelmiljøfoto av Tor som sannsynlegvis kikker etter måsane i området. 

Treffsikker Tor like før fangst. 

Legg merke til at Tor vernar auget sitt med eit "skall" som her er i ferd med å skyvast vekk. 

Tor, som andre hannar, er ofte lysare i brystregionen enn hoene. 

Tor i karakteristisk stigningskurve. 

Takk for at du leste bloggen! Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor. Neste blogg er ikkje lenge unna.

Forrige
Forrige

Andre julimøte med Gyda og Tor

Neste
Neste

Havørner i sommarkveldslys