Andre julimøte med Gyda og Tor

Etter å ha hatt båten på land i ei veke for bunnstoffing, grundig nedvask og boning, var det 12. juli igjen kvelds for eit nytt treff med Gyda, Tor og dei to no flygedyktige ungane deira. Kona og eg drog ut i sjutida, fiska opp nokre matfisk, og møtte våre ørnevener beint kl 2000. Ein horngjel vart kasta på sjøen att, men har høyrt at den kan vere ein god matfisk for oss tobeinte? Send gjerne ei oppskrift!

Varmt kveldslys med høve for gode fargar og kontrast i bileta kan gjere både fotograf og kamera i ekstra godt fotohumør, så også denne kvelden. Motlys er ekstra spennande, som du kan sjå av foto nedanfor.

Begge ungane låg denne kvelden i reiret, og dei vaksne viste seg klar for fangst ganske så snart. Dei sit av og til skjult ein plass mellom furutrea, men har full kontroll på båten som nærmar seg. Så viser dei seg anten med ein gong, eller når første fisken landar i sjøen som ein sjekk på om det er interesse for ein matbit.

Gyda er igjen den mest aktive, og hentar opp flest fiskar til reiret og ungane. Ho har og ein tendens til å stige raskt opp etter å ha fått tak i ein fisk, som eit par foto dokumenterer nedanfor.

Denne ørneøkta varte ein god times tid, og både ørneparet i lufta og ekteparet i båten var godt fornøgd med utbyttet.

Alle ørnefoto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.

Båten er klar for sjøsetjing etter ei veke på land. 

Horngjel som ikkje vart ørnemat, men burde kanskje tatt den med til gryta sjølv?

Gyda kan fly litt fram og tilbake før ho anten trekk seg tilbake, eller går for eit stup og hentar opp fisken. 

Her har Gyda fått opp eit bra stykke med fisk som ho frakta rett til dei to ungane i reiret. 

Det er blant anna i dette perspektivet ein ser kor stor Gyda er. Vengespennet her er imponerande!

Det går unna når Gyda endeleg har bestemt seg og legg seg i stup. 

Motlys er alltid spennande fotolys. Her ser halen til Gyda nesten ut som ein rotor. 

"Rett som ørnen stiger", heiter det i den kjente songen. 

Gyda held fram "rett som ørnen stiger". Krydra med flott motlys i kveldinga kl 20:08:59.

Gyda følgjer med på noko. 

Nokre gonger blir det større avstand mellom båt og fisk. Da kan det vere fint med eit miljøfoto som viser Gyda meir i sitt ørnerike. 

Gyda med ny fangst i sitt ørnerike. Same bildeserie som foto over. 

Takk for at du leste bloggen! Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.

Forrige
Forrige

Når måsane stikk av med ørnematen

Neste
Neste

Første julimøte med Gyda og Tor