Når måsane stikk av med ørnematen
Tredje julimøte med Gyda og Tor, og endeleg bilete av måsen som slepp fisken ned att!
Det vart to dagar på rad med kontakt mellom ørneparet i lufta og ekteparet i båten. 13. juli tok vi ein ny litt spontan kveldstur til Gyda og Tor. Det vart eit nytt godt gjensyn, med fleire fiskeserveringar og luftige ørnestup.
Ein ekstra trigger blir det ofte når måsen prøver å stikke av med ørnematen. Det skjedde to gonger denne kvelden. Første gongen rakk ikkje måsen å svelge fisken før Gyda var på vengene. Gyda fekk seg likevel ei overrasking da ho rett etter opptaket ser ned på klørne og konstaterer at ho berre har fått med seg hovudet til palen, som vart reve av idet ho letta. Sjølv såg eg ikkje det før i redigeringa på skjermen. Sjå fotoserie nedanfor. Neste måse som prøvde seg fekk knapt løfta fisken opp før den ser at Gyda igjen er på vengene.
På det tredje forsøket, så klarte ein måse å svelge heile fisken, og sette raskt kursen ut i fjorden. Tor letta raskt frå land og sette full fart for å ta igjen måsen. Sjå korleis det endte i fotoserien nedanfor.
Som forklart i denne fotobloggen, så legg eg ikkje ut foto av ungane så lenge dei er i reiret.
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro.
Gyda siktar seg inn på den første fiskefangsten. Fotoserie følgjer vidare nedanfor.
Luftkrobaten Gyda i sving.
Gyda vrir seg enno meir i stupet.
Og her er det kortaste og raskaste vegen til palen i sjøen.
Nok eit vellukka fiskeopptak som vart frakta rett opp i reiret med sine to ørneungar. Dei treng mykje mat i denne livsfasen.
Fotoserie nedanfor på fem foto der måsen må sleppe fisken i lufta og der Gyda riv av hovudet til fisken
Sju minutt etter første fiskeopptaket var det tid for å hive ut ein fisk til. Denne fekk måsen tak i, men måtte til slutt gi tapt. Sjå fotoserie nedanfor.
Eg har opplevd fleire gonger at måsen gulper opp fisken, men ikkje fått fotografert det før. Difor ekstra morosamt å få dette bildet til.
Gyda henta opp fisken som måsen gulpa opp att, men måtte kikke ned og bakover og konstatere at det berre var fiskehovudet som vart med opp. Eit unikt foto eg fekk her med andre ord.
Andre forsøket til måsen på ørnematen
Måsen rakk såvidt å løfte fisken før Gyda igjen var på vengene. Måsen kom seg vekk fortare enn svint.
Stilstudium av Gyda igjen.
Henta fint opp palen som måsen slapp tidleg.
Tor set opp turboen
Tredje gong måsen stakk av med ein fisk, så sette Tor opp turbofarten for å få måsen til å gulpe opp att ørnematen sin. Måsen var snar med å setje kursen ut i fjorden.
Tor i jakthumør på måse som har stukke av med ørnematen hans. Det er ikkje ofte eg har fått tatt bilde av ørnene når dei set opp denne farten. Det går rimeleg fort, og ein må sjå den i god avstand for å feste autofokusen på den.
Det vart ein lang og heftig jakt på måsen med fisk i magen. Det var ikkje den største fisken den tok, og det gjorde nok til at den ikkje ga frå seg byttet og at Tor heller ikkje klarte å ta den igjen. Det gjekk sikkert ein kilometer ut i fjorden før dei snudde og kom tilbake.
Takk for at du leste bloggen! Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.