Sommarkveld på flat fjord, fisking og havørner

Laurdag 20. juli gjekk båten litt i skytteltrafikk på fjorden. Det var først fisking på ettermiddagen med yngstemann Ivar før vi stoppa innom Gyda og Tor. Dei fekk fersk fisk til laurdagshygge for vaksne og unge havørner. Eit nydeleg og varmt sommarvèr krydra kvelden. Det er fantastisk når fjorden er heilt flat med god varme i lufta. Litt mindre artig er det at makrellen er den som bit hyppigast, men vi fekk etter kvart bra med lyr og pale og.

Seinare på kvelden vart det spontanmønstring av mannskap Tore. Det vart såleis ein ekstra kveldstur til Gyda og Tor som villeg tar imot god matauk til ungane sine som framleis held seg i reiret.

Måsane prøvde som vanleg å få i seg sin del av ørnematen. Det lukkast ikkje denne kvelden. Gyda tok ein lang jakttur utover fjorden etter ein måse som til slutt måtte gi tapt og gulpe opp fisken sin. Gyda henta den opp og drog rett til reiret. Førre blogg hadde omtale av tre slike måseforsøk, som du kan lese om her.

Returen til hytta gjekk ikkje før etter solnedgang med båten til kai etter kl 23, etter nærare seks timar med fisking, ørnefotografering og bensinfylling. På vegen heim dukka det opp eit par niser. Da stoppa eg motoren for å høyre pustelyden når dei kjem til overflata. Det er flott å lytte til dei ulike lydane naturen har å by på. Det var ingen niser å sjå på vårparten, kanskje pga dei nisejaktande spekkhoggarane som no kjem til Hardangerfjorden, Sunnhordland og Rogaland. Utover sommaren har dei likevel dukka opp nesten på kvar båttur.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Kamerainnstillingar blir oppgitt på førespurnad.

Gyda siktar seg inn på første ørneøkta for kvelden. 

Vellukka opptak av Gyda. 

Det vart ein solid lyrfangst for Gyda. 

Justerer festet litt med venstre klo. 

Her har Gyda vore langt ute i fjorden for å presse måsen til å gulpe opp palen. På veg tilbake til land og reiret var det fleire måser som fòr etter ho. Ørna er nok litt mindre manøvreringsdyktig med fiske i klørne, men hadde ikkje problem med å halde seg klar av sine matkonkurrentar. 

Det har blitt seinare kveld med godt og varmt kveldslys. Gyda sjekkar fangsten sin igjen. 

Fint og varmt kveldslys i andre halvdel av juli. Klokka er 20:54. 

Om havørna ikkje er for nære, så prøver alltid måsen seg på palen. Denne vart akkurat for stor og den måtte sleppe taket. 

Den glapp!

På veg til hytta etter bensinfylling på Stord. Flott solnedgang som ikkje heilt kjem til sin rett på mobilfoto. Slike sommarkveldar gjeld det å utnytte til siste solstråle. 

Takk for at du leste bloggen! Velkomen tilbake, og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.

Forrige
Forrige

Første havørnunge på fast fjell

Neste
Neste

Når måsane stikk av med ørnematen