Første havørnunge på fast fjell

27. juli, ei veke etter sist treff med Gyda, Tor og ungane, var det tid for eit nytt besøk. Denne gongen var reiret tomt, og vi lurte ei stund på kor dei to ungane kunne vere. Yngstemann i båten på 12 år var den som hadde dei skarpaste augene, og den første som peikte på noko som rørte seg på eit svaberg. Det viste seg å vere den eine ungen som delvis sat i skjul. Da var det berre å gjere klar fiskematen og fyre opp Olympus`en.

Begge foreldra deltok i fiskinga. Den synlege ungen fekk først mat. Så vart ein fisk frakta litt lenger inn på land, bak furutrea som står langs land. Frå denne kunne vi høyre tydelege ørneungeskrik, og dermed konstatere at begge ungane var i nærleiken.

Med ungane ute av reiret kan det fort bli meir aktivitet og nye fotomotiv. Det gjer og at eg i denne bloggen kan publisere foto av havørnungar, så lenge det ikkje er reirfoto. I dei neste bloggane blir det fleire variantar av havørnungefoto.

———————————————————————————-

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.

Gyda siktar seg inn på fisken i sjøen. 

Gyda i same innflyginga som foto over. 

Første vellukka fangst blir frakta inn til land. 

Her er første publiserte foto av den eine havørnungen. Den skrik det den kan for å få Gyda til å levere frå seg maten. 

Gyda tar eit sveip bak svaberget med ungen sin lett hoppande etter. 

Ny fisk har landa i sjøen. 

Klassisk havørnbilete.

Gyda med siste justering før ho hentar fisken opp, med halen mot fotografen. Det er ikkje alltid ideelt, men kan likevel invitere til variasjon i motiv og komposisjon. 

Miljøfoto av Gyda sin fangstteknikk. 

Det er sannsynlegvis den minste ungen som stikk hovudet opp her og ser etter dei vaksne. 

Litt meir synleg positiur av havørnungen. 

Gyda tar seg ein pause og passar på ungen på svaberget til venstre for seg. 

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Havørnungar lager liv ved to av reira

Neste
Neste

Sommarkveld på flat fjord, fisking og havørner