Havørnungar lager liv ved to av reira
Gunda og havørnungen, men ingen Otto
Det er 29. juli, og vi er framleis i feriemodus. Dvs båten har tidvis tittelen Fjorden Taxi, og denne dagen var ein sånn dag der det trengtes ein skyss over til Stord. Returen kan da fort ta nokre omvegar, så og denne måndagen. Eg la meg først til å fiske i nærleiken av havørnparet Gunda og Otto. Dei har i alle fall ein unge, men det har vore periodar der dei ikkje har blitt observert så ofte. Eg var difor ikkje så optimistisk med tanke på ein observasjon, men ville sjekke om fiskeplassen ga påfyll i fiskekassen. Det kom etter kvart nokre paler ombord, heldigvis. For plutseleg ser eg Gunda vise seg på land. Ho landar godt synleg og er tydeleg interessert i fisk. Den første palen eg hiv er ho rask til å ta, og flyg over furuskogen. I håp om å få sett eit glimt av ungen, set eg med båten, for å sjå kor ho landar med fisken. Ikkje lenge etter høyrer eg det karakteristiske skrikinga til ein havørnunge. Den er i lufta og flyg etter mora. Den stoppar så opp i eit furutre, før den etter ein liten kvil fortset opp i reiret. Det er første gang eg ser ungen i lufta, og elles i det heile, da reiret ikkje er så godt synleg frå sjøen. Ei smart reirplassering av Gunda og Otto, dette.
Otto var igjen ikkje å sjå. Han er 10 år i år, så kanskje han har tatt seg ein aldri så liten jubileumstur?
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.
Gunda med sjøstøtt nedslag igjen.
Godt opptak med begge klørne godt festa rundt lyren.
Fin stigning i programmet.
Den obligatoriske visuelle sjekken må til. Kva vart eg tilbydd denne gongen?
Havørnungen landa på ei furugrein. Den blir nok ein ny staseleg kongleørn!
Havørnungen på veg rundt og opp i reiret. Kjekt å sjå den i lufta for første gong.
Gyda og Tor
Etter Gunda og Otto, så passar det som oftast å svinge innom Gyda og Tor. Dei er travelt opptekne med sine to avkom, og helsar alltid båten velkomen. Det var berre den eine ungen som var i lufta og synleg denne dagen. Den andre var sannsynlegvis lenger inne på land, slik vi har observert tidlegare i juli.
Gyda har festa blikket på målet.
Først ein kontrollert høgresving...
...før ho flatar ut, framleis utan å sleppe fisken av syne.
Her er det gått ca eitt minutt sidan førre bilete. Det hender ho tar nokre ekstra svingar før ho bestemmer seg for kva ho vil gjere.
To sekund etter biletet over, så har ho vridd seg kjapt mot venstre og viser ryggen til kameraet. Blikket framleis fokusert.
Den eine havørungen flyttar seg frå eit tre til eit anna. Skrik som vanleg etter maten Gyda har henta opp.
Inn for landing...
...som ikkje alltid er like elegant og kontrollert. Det er store vinger som skal koordinerast og kontrollerast innimellom store furugreiner.
Ein stolt og staseleg havørnunge som har sine første tidlegere veker i sitt forhåpentlegvis lange luftliv.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.