Havørn og rådyr ein tidleg morgontur i tidleg august
2. august var det framleis ferietid, og eg kunne dra ut på havørnsafari ein tidleg augustmorgon. Turen varte i om lag to timar, med god fangst av både fisk, havørn og rådyr. Denne gangen vart det berre tur til Gyda og Tor, men dei var fort på vengene for å mate ungane sine. Den eine ungen var godt synleg på land og er vist nedanfor. Verken Gyda eller Tor har vore så hypp på å hente makrell på land, men denne morgonen tok Gyda ein makrell i fart på land. Har ein mistanke om at makrell ikkje er livretten til desse ørnene.
Det er Gyda som er aktiv på bilderekka nedanfor, litt som vanleg. Eg fekk og nokre miljøfoto av leveringa av mat til ein unge og når ho sit i furulandskapet.
Medan eg rek langs med land, så såg eg brått eit rådyr foran baugen. Den stod veldig fint og poserte i morgonsola som skein rett på ho. Utan å bry seg nemneverdig om båten, så beita ho litt vidare og gjekk roleg inn i furuskogen der ho kom frå. Det vart ei fin ekstraoppleving på denne turen.
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.
Gyda i full konsentrasjon.
Gyda leverer første palen til ungen på land.
Det vart ei kort levering før Gyda letta igjen. Fint med skuggen hennar på bakken.
Fint morgonlys på Gyda...
...der ho stig raskt opp etter fiskeopptaket.
Rådyret som brått dukka opp foran baugen. Eg kunne uforstyrra fotografere ho der ho hadde ei roleg morgonstund i morgonsola.
Havørnungane har ein svært god kamuflasje og er ikkje enkle å oppdage. Her legg den seg litt ekstra bak lyngen og.
Gyda imponerte med å hente makrellen i fart!
Gyda som ventar på neste fiskeleveranse.
Igjen eit stilstudium av Gyda.
Miljøfoto av Gyda. Det kan bli fine motiv med den flotte furuskogen i dette området.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.