Fantastisk augustkveld med havørnparet Gyda og Tor
Det vart ein fotografisk draumekveld
Enkelte dagar speler kveldssol og skyar på lag. 4. august la eg igjen ut med båten i retning Gyda og Tor. Det var ganske så overskya, men eg ville likevel søkje ørnelykka med fiskestong og fotoapparat. Kasta loss i 19-tida. Vel framme ved mine ørnevener, såg eg etter ei stund at det danna seg ein open himmelstripe lågt i vest. Det kan av og til skje at det opnar seg for sola i horisonten. Planen vart difor å få Gyda og Tor ut i sola, noko eg lukkast godt med. Dei følgjer båten, og har god kontroll på om eg har fisk ombord.
Eg kunne først konstatere at begge ungane låg fint i reiret, og med foreldra i nærleiken. Først trengte eg å få opp meir fisk, og det brukte eg neste timen på. Så kunne den første fisken gå i sjøen kl 21:01. Gyda letta med ein gong og sirkla seg inn på byttet. Med gunstig vindretning i forhold til kveldssola, vart innflyginga hennar optimal med retning mot kameraet.
Den andre fisken landa i sjøen seks minutt seinare, kl 21:07. Gyda var ikkje sein å be igjen, men denne gongen vart det full brems nokre meter over sjøen. Innflyginga stoppa heilt opp og ho steig fort opp att utan å hente fisken. Eg kunne ikkje sjå kva som skapte denne endringa, og lurte på om fisken hadde søkkt. At Gyda brått avbryter innflyginga har vi observert tidlegare, utan at vi heilt forstår kvifor. Det har da hendt at Tor har henta den same fisken opp rett etterpå. Det skjedde også her, når Tor nokre sekund etterpå stuper ned og hentar opp lyren. I denne innflyginga kom elles Tor rett bak Gyda i eit lite minisekund, og eg fekk det første bildet med begge to i lufta samstundes, sjå foto nedanfor. Litt flaks skal ein ha.
Den tredje fisken landa i sjøen kl 21:11. Gyda er den som lettar igjen og festar blikket på palen, da Tor nok er oppteken med å ete sin eigen fangst. Han tar gjerne eit måltid først før han eventuelt tar resten med til ungane i reiret.
Kl 21:15 er det tid for det fjerde fiskekastet. Igjen er det Gyda som tar jobben i kveldssola, som framleis lyser gjennom ei smal stripe i vesthorisonen.
Fisk nr fem treff fjordvatnet kl 21:21, idet ei lita sky skuggar litt for sola. Det gir likevel eit godt lys.
Den sjette og siste fisken går i sjøen kl 21:48, 10 minutt før solnedgang. Sola er likevel ute av syne, og ISO`en i kameraet er skrudd opp til 6000. Det inviterte til ein annan og meir blå fargepalett. Det er fint med sånn lysvariasjon.
Nokre minutt før kl 22 var det tid for å setje fart med Yamaha`en tilbake til hamna. Eitt minutt etterpå såg eg eit par niser på kort avstand. Eg sakka difor av og stoppa motoren. Lyden og synet av nisene vart eit flott punktum for kvelden og dagen.
Før eg startar motoren att, snur eg meg og ser ei havørn i siluett mot solnedgangslyset i vest. Det vart det siste bildet for kvelden.
På alle måtar ein vakker og givandes kveld.
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.
KL 21:01:07 - Gyda hentar opp den første fisken.
KL 21:01:07 - Fantastisk kveldslys på Gyda.
Kl 21:07:35 - Ny innflyging på fiskeopptak nr to. Først i stup...
Kl 21:07:36 - ...så flatar Gyda ut...
Kl 21:07:39 - ...og stoppar opp i lufta.
21:07:49 - Det går 10 sekund, så kjem Tor inn i søkaren, bakanfor Gyda. Verkar som han er med som ein backup for maken. I dette svevet stoppa Gyda opp rett over fisken. Tor overtar så jobben og hentar den opp (har ikkje lagt ut foto her av det).
Kl 21:11:35 - Gyda klarte å få opp den tredje fisken for kvelden, her i oppstigingsfase på veg til reiret.
Kl 21:15:33 - Gyda med sitt fjerde fiskeopptak, same nedanfor.
Kl 21:15:34
Kl 21:21:24 - Gyda i fantastisk kveldslys på sin femte fisketur. Det er litt mindre direkte sollys på denne fotoserien.
Kl 21:21:24 - Gyda tar seg flott ut i dette seine kveldslyset, ca ein halvtime før solnedgang.
Kl 21:48:59 - Sola går ned om 10 minutt, men er no bak landskapet i vest. Det er klart for ny fargepalett og fiskeopptak nummer seks.
Kl 21:49:02 (ISO 6000) - Gyda i siste fangstsvev for kvelden.
Kl 21:49:04 (ISO 6000) - Sjette og siste fiskeopptak. Det er seint og relativt mørkt der sola ikkje skin direkte.
Kl 22:00 - Det siste eg ser for kvelden er ei havørn i siluett mot solnedgangslyset i vest, ca 10 minutt etter solnedgang.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.