Kveldstur i august til Gudrun & Ottar og Gyda & Tor

12. august vart det ein ny havørnsafari på dei sunnhordlandske fjordar. Det er ingen dum aktivitet. Safarien gjekk først til det ungelause paret Gudrun og Ottar. Ottar helste båten velkomen med ein gong båten var framme, og da var det berre å gjere klar fiskekassen og Olympus`en. Etter ei kort stund viste Gudrun seg og. Begge fekk henta opp kvar sin matauk. Det er jo meiningsfullt å bidra til mette havørner.

Med to mette havørner, vart kursen sett mot Gyda og Tor. Dei har eit travlare havørnliv med sine to svoltne og aktive ungar. Igjen var det i hovudsak Gyda som skaffa maten. Det var og fint å sjå dei to ungane i lag på land. Det er tydeleg at den eine er litt større enn den andre, kanskje som resultat av litt tidsavstand mellom klekkinga?

Nedanfor er to avsnitt med dei respekive ørnepara. Tekst er supplert under kvart foto.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 Pro. Klikk på bilde for å fylle skjermen.

Gudrun og Ottar

Gudrun har landa sin fisk på berget, Ottar sit i furutoppen. 

Etter ei kort stund flyg Gudrun eit godt stykke lenger vekk for å ete for seg sjølv. Ottar lurer på kva maken held på med?

Ottar går for ein ny fisk. 

Ottar kryssar rett over båten, blinkar med augelokket

Ottar har stilt inn siktet, rett mot kameraet. 

Veldig god timing og treffpunkt for Ottar. 

Fin lyr for Ottar å fylle magen med. Dessverre har ikkje dette paret fostra fram ungekull i år. 

Gyda, Tor og to ungar på land

Gyda hentar fisk i kjent stil. 

Begge ungane i lag på bakken. Fiskerestar tyder på at dette er ein plass dei kjem tilbake til. Legg merke til at den høgre ungen er merkbar større. 

Den minste havørnungen fekk ikkje del i den ferske fiskerelevansen og flyttar seg til eit tre lenger vekke. 

Gyda har fleire "stilar". Her er den ho av og til viser ved å stoppe opp i lufta og trekke seg i innflyginga.

Gyda tok seg ein ekstra runde og henta så opp denne fisken. 

Den minste ungen flyg skrikande og tiggande til foreldra, men til inga nytte. Tor sit under Gyda. 

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Nordlys KP8 over Sunnhordland

Neste
Neste

Fantastisk augustkveld med havørnparet Gyda og Tor