Kor gammal er Ottar?
To av tolv havørner eg følgjer er merka. I 2025 blir dei 11 og 21 år gamle. Med eit etter kvart tett forhold til fleire av havørnene, så er det interessant å vite litt meir om kor gamle dei er. Som lekmann på fugl og havørn, så har eg verken kompetanse eller erfaring nok til å kunne ha ei særleg formeining om alderen på vaksne havørner. Det gjeld difor å søkje etter andre sin kompetanse, og eg har ei stund tenkt å bruke Ottar som første kandidat til dette. Han er blant anna den mest karakteristiske hannen med sin lyse fjørdrakt i hovud- og brystregion.
Det er lite litteratur som omhandlar havørn direkte. Eg fekk nyleg kjøpt ein brukt versjon av boka Havørn av Gunnar Myklebust, som bl.a. har Alv Ottar Folkestad som sidestemme gjennom boka. Folkestad oppfattar eg som Norges fremste havørnekspert. Det er mykje god informasjon om havørna i denne boka, men ikkje den detaljkunnskapen som eg er ute etter for å kunne aldersbestemme eit individ.
8. april la eg så ut følgjande spørsmål i facebookgruppa “ID og fugl!”: Er det nokon som kan bidra til å aldersbestemme min gode havørnven, Ottar? Har følgt han med kameraet eit par år, og det hadde vore interessant å visst meir om alderen.
I innlegget tagga eg Alv Ottar Folkestad, i håp om at han ville svare som berre han kan. Det vil seie svært utfyllande og ekstremt detaljert ned på fjørnivå.
Det første meir utfyllande svaret på spørsmålet frå eit anna gruppemedlem var dette: Helt reint hvit stjert, lyst hode, reint gult nebb og lysegul iris viser at denne har fullt utviklet voksen-drakt, og da er den minst fem år gammel. Med så reine trekk og svært bleket hode vil jeg tro den kan være en del eldre. Dette var eit godt svar, som i hovudtrekk seinare vart stadfesta av Folkestad, med unntak av det som gjeld lys fjørfarge.
Tre dagar seinare kom svaret frå Alv Ottar Folkestad, som forventa med høg detaljeringsgrad. Nedanfor er svaret referert fullstendig. Ver merksam på at Folkestad også tar utgangspunkt i det første svaret som kommenterer Ottar sin lyse farge som potensielt aldringsteikn.
Alv Ottar Folkestad si vurdering av alderen til Ottar
Dette er bildet av Ottar eg la ut på facebookgruppa “ID og fugl!”, tatt 28. februar 2025. Trykk for å forstørre bildet.
Interessant å sjå korleis vi førestiller oss våre medskapningar i naturen. Lyse fargevariantar av ulike artar, ikkje minst havørn, blir lett tolka som aldersindikasjonar - jamfør vår eigen hårfarga som oftast blir lysare etter kvart som vi eldest (om der til slutt er att hår i det heile). Det er eit poeng i at fjørfarge bleiknar etter som tida går (særleg forårsaka av ultrafiolett lysbleiking og nedbryting av melanin), ikkje minst hos havørn og kongeørn, men det heng saman med alder på fjøra og kva tid ho blir skifta ut, jamfør det bleika og slitne vengeskjoldet hos kongeørn frå dei er eitt til to år gamle. I gjennomsnitt skifter havørnene enkeltfjører annakvart år, også kroppsfjør og armdekkfjør, men sterkt påverka av næringstilgang og kor vidt dei gjennomfører hekking. Fjørskifte krev stoff og energi og må rasjonaliserast i høve til andre livskrav. Med alderen kan ei lengelevande ørn derfor få problem med å gjennomføre fjørskiftet effektivt, men då vil fjørbleiking gå hand i hand med fjørslitasje, og for dekkfjør særleg i takt med fysisk forvitring forårsaka av ultrafiolett stråling. Ein slik fugl vil derfor få påfallande slitt fjørdrakt. På den andre sida er det betydeleg variasjon hos havørn (som hos mange andre fuglar) i fargetone i nye, friske fjør, frå mørkt brune til lyst gyllenbrune eller bleikt sandfarga, og dei lysaste kan til og med vere lysare enn hos dette individet, og slik fargetone trer fram allereie i subadult fjørdrakt. Eg har unntaksvis sett (ringmerka) havørner med like lyst hovud og hals som denne som fire år gamle, men oftast er stjertfargen meir i samsvar med det gjennomsnittlege for alder. Det einaste vurderingsgrunnlaget for alder hos denne havørna, er å sjå på form, slitasje og farge på ytste eller to ytste handsvingfjører. I venstre veng hos denne er den ytste (S10) av adult form, relativt brei mot spissen og utan merkbar kantslitasje, men samanlikna med nabofjøra ser vi at S9 er tydeleg friskare og reinare i farge enn S10 og S8, som begge er tydeleg bleika både i grunnfarge og tydelegare i bakkant av fjør og mot spissen. Denne ørna har altså skifta alle juvenile handsvingfjør minst ein gong, og i siste fjørskifte (2024) har den skifta S9, medan S 8 og S10 etter alt å døme må vere skifta året før (2023). Det betyr at siste juvenile handsvingfjør (S10) seinast kan vere skifta i 2023, og om ørna følgde standard fjørskiftemønster, betyr det at ho då ville vere 5K i 2023. Konklusjonen må derfor vere at denne ørna må minst vere 6 år gammal (7K+) (mi utheving). Ut over det virkar fjørdrakt å vere frisk og fin, utan påfallande slitasje og altså ingen indikasjon på å vere ein aldrande fugl. Men han høyrer definitivt med i den aller lysaste grupperinga av utfarga havørner.
(Alv Ottar Folkestad, facebookgruppa ID og fugl!, 11. april 2025).
Det viste seg at eg la ut spørsmålet på sjølvaste 84-årsdagen til Folkestad. Det må vere eit stort privilegium å kunne dele sånn djup kunnskap i det som kan omtalast som moden alder. Ikkje minst er det eit like stort privilegium å kunne motta sånn kunnskap.
Havørna fekk namnet Ottar på litt tilfeldig vis. Men etter spørsmåls- og svar-runden med Alv Ottar Folkestad, så er Ottar no oppkalt etter Alv Ottar. Det har Alv Ottar sjølv godkjent med uttrykket “med den største glede”!
Nedanfor er fleire bilete av Ottar - frå det første møtet 2. pinsedag 29. mai 2023, til det siste 2. april 2025.
29. mai 2023 - Mitt første møte med Ottar skjedde ein litt regntung 2. pinsedag, etter tips frå ein kollega om eit havørnpar i nærleiken. Det er alltid like kjekt å finne og bli kjent med nye havørner. Ottar avslørte også ganske fort kor reiret låg, sjølv om det låg like utafor synsvidde frå sjøen. Så ser eg no at eg pussig nok ikkje har lagt ut ein blogg frå dette første møtet. Det må eg gjere noko med!
11. juni 2023 - Ein klassisk Ottar-positur, framoverlent kroppsspråk og veldig klar til å hente neste fisk. Denne dagen henta han heile 10 fiskar til reiret, med maks to minutts intervall mellom kvar henting. Dagen er omtalt i denne bloggen.
19. juli 2023 - Kva glor du på?, kan ein lure på om Ottar tenker. Henta frå denne bloggen.
6. august 2023 - Ottar har nett henta ein makrell på land. Den vart frakta rett til ungen sin. Henta frå denne bloggen.
24. mai 2024 - Alternativt fotoperspektiv på den profesjonelle fiskaren, Ottar. Henta frå denne bloggen.
12. august 2024 - Ottar flyg rett over båten. Henta frå denne bloggen.
19. januar 2025 - Fiskesuksess for Ottar igjen. Henta frå denne bloggen.
13. februar 2025 - Ottar sjekkar og justerer festet på palen. Henta frå denne bloggen.
24. mars 2025 - Nett landa og klar for meir fisk. Henta frå denne bloggen.
2. april 2025 - Otto ligg langflat foran fisken. Henta frå denne bloggen.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.