Påskefuglar med havørn, svartand, gråmåsekamp og teist

Det vart tradisjonell påske på hytta i år også, der eg fekk tatt opp båten og spylt den under og vaska skroget, samt skifta anodar på flapsane. Vèrmeldinga for påska var ikkje den beste, men det vart heldigvis ein god del betre vèr utover påskeveka og særleg påskeaften og starten på 1. påskedag. Vinden roa seg og godt ned, etter ein del austavind i starten.

Fotomessig vart det ei heller roleg påske. På veg til hytta med båten fredag før palmehelga var det lågt skydekke og regnbyger. Eg gjorde likevel ein fiskestopp undervegs og 16 gode paler hamna til slutt i fiskekassa. Etter lite fisk i fjorden i starten av året, så er det kjekt å sjå at ekkoloddet viser gode fiskestimar igjen. Eg svinga innom Gyda og Tor, og kunne konstatere at Gyda låg på reiret. Lovande!

Det er framleis tid for å liggje på reir for tre av havørnpara. I byrjinga av mai bør ungane vere klekte ut, med ein auka frekvens på å hente fisk frå båten som resultat. No er det tilfredstillande i seg sjølv å sjå at det er rugeaktiviteten som dominerer reira.

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Ein gråmåse slo følgje eit stykke da båten gjekk i sju knops fart. Den hadde nok fått med seg dei 12 palene som ligg i fiskekassa.


Tur nr 1 - Ottar hentar to paler til Gunda som ligg på reir. Tor hentar ein til seg sjølv.

Første havørntur vart i strålande sol på påskeaftan, med ein ettermiddagstur til Gunda/Otto og Gyda/Tor. Otto var i støtet og henta to paler rett opp i reiret. Ørneskriket frå Gunda tyda på at det var populært. Den tredje fisken ville han ikkje ha.

Otto i stupet, elegant som berre han kan vere.

Venstre klo fekk palen opp.

Otto i ferd med å sjekke fangsten og feste høgre klo på palen.

Turen vidare gjekk til Gyda og Tor. Gyda låg fint på reiret, men Tor var ikkje å sjå. Etter ei stund høyrde eg Gyda varsla, og kopla først seinare at det sannsynlegvis var ei helsing til Tor som eg ikkje hadde sett kome i sterk motsol. Låg ettermiddagssol rett mot er ikkje det enklaste å handtere. Eg synes likevel eg skimta noko som kunne vere ei ørn i nærleiken av reiret, og heiv uti ein pale for å sjå om det kom ein reaksjon. Ein reaksjon vart det, da rundt 10 måsar rundt palen brått letta og Tor kom i full fart frå ein annan plass enn det eg rekna med. Fekk såvidt kontakt med han i kameraet i fase 2 og fekk følgd han vidare i fase 3.

Tor var treffsikker denne solrike ettermiddagen.

Svartbaken tok opp jakta heilt inn til land, der Tor sat lenge og fortærte palen. Han tok ikkje noko restar opp til Gyda i reiret.


Tur nr 2 - Ottar hentar ein pale til seg sjølv

Første påskedag tok eg først ein tur for å sjekke fuglelivet ved Ilholmane i Bjoafjorden. Ei lita gruppe teist har vore der i mange år, og eg observerte tre-fire teistar. I tillegg kom eg over fire svartender, ein art det er ei stund sidan eg har sett.

Fire svartender tar av ved Ilholmane.

Båtturen gjekk vidare til favorittparet frå 2022, men der var det igjen skuffande nok ingen aktivitet. Det var tredje bomturen etter det lovande treffet eg hadde i februar.

Otto og Gyda var neste på reiselista denne etter kvart overskya dagen. Otto hadde henta to paler til reiret dagen før, så eg var eit litt ope spørsmål om han var interessert i meir fisk. I starten var det ingen Otto å sjå, så eg la meg til å fiske litt. Så, brått kom han og landa i eit furutre, klar til å hente fisk. Denne gongen tok han den inn på bakken og åt alt sjølv, og var ikkje interessert i å hente fleire. Han skulle berre visst at det låg minst 10 paler i fiskekassa, men det får han ta att seinare når dei forhåpentlegvis har fått fram ein svolten unge.

Otto i klassisk glidepositur med sitt faste ørneblikk.

Det er etter kvart mange like havørnbilete, men posituren til Otto gjer at dette skil seg litt ut i mengda.

Som nemnt tok Otto palen til seg sjølv og åt den på ei velta fururot. Etter ei stund kom det eit par kråker og ville ha ein del av matfatet. Så har kråka til venstre fått tak i ein bit som Otto tilsynelatande har mista ned på berget. Dette er eit fint miljøbilete å krydre havørnfotosamlinga med.


Tur nr 3 - Ottar hentar ein pale til seg sjølv + gråmåsekamp og teist

Det vart ein litt kortare tredje tur 2. påskedag. Vèret vart litt gråare enn varsla, men likevel fint og jamnt fotolys. Det var berre Ottar som kom og henta fisk denne dagen. Han sat ved reiret med Gudrun rugande. Det gjekk berre eit minutt frå han såg båten til han letta og segla til næraste furutre i forhold til båten. Han er veldig tydeleg i kva han er interessert i, så også denne dagen. Det var berre å gjere klar ein god pale og kaste uti. Ottar var på vengene med ein gong og henta den fint opp. Det var nesten for nærme for 300mm, men det er og fint å få bilete der ørna fyller heile søkarbildet.

Ottar landa fint i næraste furutre, godt framoverlent og klar til å hente fisk.

Glideflukt i fase 1.

Ottar kom kjapt og veldig nær kameraet. Posituren hans skil seg positivt ut i fotomengda.

Her fyller han nesten heile søkaren, med eit godt grep om palen.

Turen gjekk og innom Gunda og Tor og Gunda og Otto. Ingen av dei som ikkje låg på reiret var tilstades. Hos Gunda og Tor vart det likevel kasta ut ein pale i tilfelle Tor sat skjult i nærleiken. Det gjorde han ikkje. I staden for vart det full rulle og fiskekamp mellom to gråmåsar, sjå bildeserien nedanfor.

Gråmåsen slukte palen i farta.

Ved Ilholmane vart det talt 10 teistar, eit stabilt tal dei siste åra. Dei flyg lynraskt lågt over sjøen og ei fin fotoutfordring å feste på fotobrikka. Her er ein som flaug nærast båten.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Del 1 - Gunda og Otto fyller reiret med fisk

Neste
Neste

Kor gammal er Ottar?