Del 1 - Gunda og Otto fyller reiret med fisk
Søndag 11. mai vart det omsider ein tur på sjøen, første etter påske. Kasta loss kl 0900, med mål om å sjekke alle havørnene våre. Tore og Magne, utan venger må vite, møtte presis. Båten kunne sige ut av båthamna under skyfri himmel. Nokre tåkeskyar i sør og vest framprovoserte meir vind og bølgjer enn det Yr predikerte, men det roa seg fint utover dagen.
Det vart fire og ein halv time på sjøen. Eg hadde 15 tinte fiskar med i fiskekassa. Ni av desse gjekk med til Gunda og Otto, to til eit par som ikkje hekka i fjor, og to til Gyda og Tor. Vi starta hos Gudrun og Ottar, men der var det berre Gudrun som låg på reiret. Ein pale vart kasta ut i tilfelle Ottar satt skjult ein plass. Den slukte overraskande nok ein svartbak. Forhåpentlegvis blir det ungar i dette reiret i år, etter eit opphald i fjor.
Med 13 kast vart minnekortet fylt til randen med 2255 bilder. For å få vist fleire bilete velger eg derfor å dele opp dagen i to bloggar, der denne bloggen er øyremerka Gunda og Otto. Dei henta som nemnt ni fiskar, og hadde gladeleg tatt fleire, men her måtte vi spare dei fem siste i fiskekassen til dei to siste havørnpara vi planla å svinge innom.
Gunda og Otto var svært ivrige med å hente fisk denne dagen. Tidvis kom dei begge to samstundes, og da verka det som at det er Gunda som har forrang. På dei to første kasta var det ein del sjø og bølgjer. Vi flytta oss difor rundt eit nes til smulare farvatn. Begge to følgde som forventa etter oss. Det vart ei over middels god havørn- og fotoøkt. Det er kjekt å kunne bidra til matauken til den, eller dei ungane som skal matast og som veks merkbart frå dag til dag.
Her er DEL 2 av denne dagen.
17. mai: Oppdatert bloggen med dei to første bildene av Gunda.
Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.
Gunda var først ute, i fin innflyging i fase 2.
Det gjekk fint med litt rufsete sjø. Etterpå flytta vi båten til i litt smulare farvatn, sjå resten av bildene nedenfor.
Otto siktar seg inn på pale nr tre. Legg merke til sjøen som no er farga av grønalger.
Perfekt opptak igjen av Otto.
Han var raskt på pletten igjen, og står sjøstøtt i denne runden og.
Otto strekk seg så langt fram han kan med føtene før nedslag.
Gunda viser kor stor ho er! Ho var litt overraskande like aktiv som Otto med å hente fisk, nesten endå meir ivrig.
Her fekk ho tak med høgrekloa. Ei flott og stor havørn!
Gunda har ofte ein nesten ekstrem fart og vinkel i fase 2. Her har ho knekt ned og akselerer så fort at det kan vere vanskeleg å følgje ho i kamerasøkaren. Dei tre neste bileta er frå same serien/fiskeopptaket.
Gunda i nedre del av fase 2 og glir kontrollert mot fiskemålet.
Treffsikker Gunda…
…denne gong med venstre klo.
Gunda viser igjen sine akrobatiske kunstar.
Så var det Otto sin tur, på ein litt større pale. Den klarte han å rive opp i buken, som denne fotoserien viser. Han bommar sjeldan på fisken, men her spelte kanskje opptint fiskevare han eit puss?
Ei havørn som bommar på fisken har gjerne eit litt betutta uttrykk rett etterpå.
Her har Otto kome til hektene, og ser seg tilbake om han skal gjere eit nytt forsøk. Denne fisken sokk, dessverre, og var den tiande og siste fisken dei fekk tilbod om denne gongen. Det vart likevel ni paler i reiret, nok mat til fleire dagar framover!
Medan vi i båten diskuterte korvidt vi skulle spare dei resterande fem fiskane i fiskekassa, så sat Gunda (her) og Otto (bilde under) og venta på konklusjonen.
Det vart ikkje fleire kast til dette paret, utan at Gunda og Otto treng å vere misfornøgd med det. Så kjem denne båten garantert tilbake om ikkje så lenge.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.