Del 2 - Tom fiskekasse

Del 1 av denne bloggen handla om første del av turen søndag 11. mai, da Gunda og Otto nærast hadde konkurranse om å hente flest fisk opp i reiret. Da stoppa vi leveransen på ni stk. Denne dagen vart det så mange fiskekast, havørnbesøk og ditto mange bilete, at det var fornuftig å dele bloggen frå denne turen i to.

Etter Gunda og Otto gjekk turen vidare til tre potensielle par. Først til det paret som vi inntil vidare ikkje har gitt eige namn. I båten er det ein liten diskusjon om korvidt vi skal bruke det vi trur er eit etablert namnepar for dette paret av ein annan fotograf i regionen. Trur eg må ta ein telefon og avklare det spørsmålet.

Uansett, dette paret hadde ikkje hekking i fjor. Da vi kom fram låg hoa på reiret, men ingen make å sjå. Ikkje før det var gått ei lita stund, da dukka han opp frå motsett retning. Med fem fiskar att i fiskekassen henta hannen to av dei. Begge vart først frakta på land eit godt stykke frå reiret, før han returnerte og leverte dei frå seg i eit massivt og stort reir. Den merka hannen er 21 år i år.

Det var eit gledeleg gjensyn, og forhåpentlegvis blir det hekking her og i år.

Vidare var vi innom det som går som favorittparet, men der var det igjen ingen å sjå. Håpet som vart tent i januar er dessverre i ferd med å slukne. Til slutt traff vi på Gyda og Tor. Der låg Gyda på reiret. Tor kom til slutt og henta to paler. Den tredje lot han måsane hakke på til den sokk.

I denne bloggen blir to serieopptak presentert som bildekarusell. Det er ein litt meir effektiv måte å vise fleire bilete på.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.

21-åringen er på vengene og henta seg to paler til reiret denne gongen. Nedanfor er ein bildekarusell som viser sjølve fiskeopptaket i fase 2 i detalj.

Det er tid for visuell sjekk og prøve å få feste med høgre klo. Det brukte han ein del tid på innover mot land.

Hos Gyda og Tor

Tor i sitt flotte fjordmiljø.

Elegant henta opp igjen.

Innflyging til den andre palen.

Serieopptak i bildekarusellen nedanfor.

Tor i all sin fjørprakt. Forlenginga av bildekarusellen over.

Oppstigning i fase 3 er fin å få med seg med kameraet og.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Kjøttmeis i flukt med Pro Capture

Neste
Neste

Del 1 - Gunda og Otto fyller reiret med fisk