Kjøttmeis i flukt med Pro Capture
Rett ved huset står det ei fuglekasse der eg tidlegare har fotografert blåmeis og kjøttmeis i flukt, sist i 2022. I fjor hekka det pilfink der, men da hadde det vakse fram så mange nye greiner at det ikkje var mogleg å få pilfinken i flukt.
I år var det kjøttmeisen som signerte leigekontrakt. 18. mai plasserte eg kamera og stativ i hagen for å fotografere kjøttmeisen når den kjem med mat til ungane i fuglekassa. Den mellomlandar av og til på eit par greiner litt nedanfor fuglekassa, noko som gir høve for varierte fluktruter.
Pro Capture er ein artig funksjon i kameraet mitt, Olympus OM-1, ein funksjon som Olympus/OM System har hatt i mange år. Ved å halde utløysarknappen halvvegs nede lagrar kameraet kontinuerleg bilete i bufferen. I det fuglen lettar, eller noko anna skjer, trykker eg ned utløysaren og kameraet lagrer dei førehandsinnstilte 12-15 bileta som da er i bufferen til minnekortet, og vidare til eg slepp opp utløysarknappen. Det sikrar at kameraet får med seg heile hendingsforløpet. Utan Pro Capture er det umogleg å vere rask nok til å få med dei første bileta i det ein fugl lettar, og særleg ikkje småfuglar. For å optimalisere heile opptaket har eg veksla mellom 25 og 50 b/s, der 50 b/s sikrar eit veldig godt utgangspunkt for å få gode fluktbilete. Bildene er satt saman i Photoshop.
Red: Eit tips er å fokusere manuelt og velge ein så liten blendar at dybdeskarpheiten blir tilstrekkeleg når fuglen kjem meir inn frå sida. Autofokusen vil sannsynlegvis ikkje rekke å reagere når fuglen kjem i full fart.
Alle foto med Olympus OM-1 og M.Zuiko 40-150mm f/2,8 PRO.
16 foto samanstilt.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.