Havørner på Kristi Himmelfartsdag

I følgje den nye oslobiskopen, Sunniva Gylver, har kristendomen feira Kristi Himmelfartsdag lenger enn den har feira jul. På denne dagen steig Jesus opp til himmelen, eller “fòr opp til himmelen” som vi les i Fader Vår. I Bibelen blir ørner ofte brukt som symbol på styrke, kraft, vern og Guds omsorg. Her er nokre døme:

2. Mosebok 19:4: «De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.»
Her er ørnevenger brukt som symbol på Guds vern og utfriinga av Israel frå Egypt.

5. Mosebok 32:11: «Som ei ørn sviv over ungane sine når ho lèt dei flyga frå reiret, så breidde han ut sine vengefjører, tok og bar han på sine venger.» Eit vakkert bilete på Guds omsorg og rettleiing.

Jesaja 40:31: «Men dei som ventar på Herren, får ny kraft, dei lyfter vengene som ørnar. Dei spring og blir ikkje slitne, dei går og blir ikkje trøytte.» Det er slåande kor poetisk og vakkert språket i Bibelen kan vere.

Johannes`openberring 12:14: «Men ho fekk dei to vengene til den store ørna så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong (…).» Ørna representerer her Guds vern og flukt frå forfølging.

Tilbake til Kristi Himmelfartsdag, så står det ingenting i Bibelen om at Jesus vart løfta opp til himmelen på ørnevenger. Eg er langt frå å vere teolog, men eg ser gjerne for meg at det var sånn det skjedde.

Det er altså ikkje den store samanhengen mellom ørner og Kristi Himmelfartsdag, anna enn at ørner blir brukt som symbol på å bli løfta opp og gi oss menneske håp. Som fridag i Norge og Skandinavia elles, gav dagen meg eit høve for ein ny havørnsafari, eller kanskje ein kan kalle det havørnpilgrimsferd?

Med langhelg og hytta i sikte, svinga eg innom Gudrun/Ottar og Gyda/Tor for å sjekke stoda. Fekk først opp seks paler og ein fin lyr, så eit par paler seinare. Med forventning om hekking og travle havørner var det greitt å ha ein del fisk i fiskekassa.

Første stopp var hos Ottar. Han låg på reiret, og reiste seg etter kvart opp. Da kasta eg ut den første palen, men ingen reaksjon frå Ottar. Så landa først ein måse nokre meter frå palen, som for å sjekke reaksjonen til Ottar eit godt stykke lenger vekke. Måsen padla etter kvart i retning palen, og fekk selskap av ein måse til. Der gjekk grensa for Ottar, som letta og kom i full fart, henta opp palen og sette kurs mot næraste landbase. Der sat han lenge og åt opp palen, før han flytta seg opp i eit tre ikkje langt frå reiret. Dette tyder på at det ikkje er unge i reiret, men håpet er ikkje ute enno. Som kjent hadde dette paret ikkje unge i fjor.

Havørnpilgrimsferda gjekk vidare til Gyda og Tor. Der sat Gyda på reirkanten, med det som viser seg å vere to gråfarga ungar liggjande foran ho. Det var svært gledeleg å sjå at dei har klart å få fram like mange ungar som i fjor, og igjen gir eit solid bidrag til havørnbestanden i Sunnhordland. Sist besøk her var 11. mai, sjå denne bloggen. Da låg Gyda fint og ruga på reiret. Mykje har med andre ord skjedd på dei tre vekene. Tor var ikkje å sjå, og Gyda var heller ikkje interessert i fisk, så da var det berre å trekke seg roleg tilbake. Seks paler hamna difor i fryseboksen, medan lyren vart filetert og gjort klart til menneskemat. Det må til og.

Siste bilete er ein liten bonus som verken handlar om havørn, Jesus, eller Kristi Himmelfartsdag.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Ottar har festa ørneblikket på målet, i glidefasen i fase 1.

Ottar justerer kursen før fiskeopptaket i fase 2.

Ottar fekk tak i sida på palen.

Ottar er så kvit i fjøra at han nesten går for ein nordamerikansk kvithodeørn.

Klassisk positur i fase 3.

Ottar frakta fisken til næraste landbase, og ikkje opp i reiret. Her åt han opp heile palen.

Da eg nærma meg hytta strauk fire silender forbi. Her er tre av dei med ei ho i midten. Eit fint punktum på ein delvis skya dag med aukande austavind.

Ein flott Kristi Himmelfartsdag vart det.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

La humler og honningbier suse

Neste
Neste

Kjøttmeis i flukt med Pro Capture