La humler og honningbier suse
Stølen er eit utmarksbeite ikkje langt frå hytta. Her har vi i mange år henta ved, og eg har fotografert rådyr her. Det siste rett nok for ein god del år sidan. Stølen er ein fin plass å ta ein luftetur til. Siste fredagen i mai tok eg kameraet og 300mm med meg på ein liten ettermiddagstur. Målet var å sjå kva eg fann av fuglar, og i beste fall rådyr som det er ein del av i området. På veg til Stølen hoppa faktisk eit rådyr over ein steingard 30-40 meter foran meg, men eg var akkurat for sein til å fange den med kameraet.
Stølen var dekt av hundekjeks, alle dei kvite plantene du ser på oversiktsbildet tatt med telefonen nedanfor. Der oppdaga eg etter kvart humler og honningbier som var travelt opptekne med å fange pollen. 300mm min har ei god nærgrense på 1,4 meter. Med lang brennvidde fungerer den da som eit makroobjektiv. Fordelen er blant anna at eg kan stå på avstand å fotografere, og lettare følgje med på kor desse travle insekta landar.
Det gjekk nokre hundre bilete i denne økta, og nedanfor har eg plukka ut dei eg var mest nøgd med. Med litt flaks klarte eg og å få med nokre fluktbilete av desse superraske skapningane. Det var moro å gjenoppdaga litt av makrofotograferinga, og vise at 300mm kan brukast til å fotografere alt frå honningbier på bakken til havørner i lufta.
Stølen er ein fin plass å lufte seg og kameraet.
Alle foto nedanfor med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.