Gunda i stupet

Siste langhelga i mai svinga eg innom Gunda og Otto. Sist vi var innom her, 11. mai, henta dei opp ni fiskar, sjå denne bloggen. Denne dagen viste dei seg ikkje med ein gong, men etter ei lita stund viste Gunda seg, sirkla over båten og var svært så interessert i å få matauk opp til reiret. Etter eit par kast oppdaga eg at Otto umerkeleg hadde plassert seg i eit tre, og snart bidrog han og med å fylle reiret med fisk. Det vart fire paler denne gongen, før kursen gjekk heimover.

Som bloggtittelen indikerer, vart det nokre nye og nokså spenstige fluktbilete av Gunda i fase 2, der ho kjem rett imot kameraet. Ho har ein tendens til å gå dramatisk til verks når ho bikker over frå fase 1 til 2. Til tider går det så fort i stupet at det er vanskeleg å følgje ho med 300mm.

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Gunda har nett letta frå greina ho sat på og flyg roleg i fase 1.

Her følgjer ein fotoserie der eg såvidt klarte å følgje ho med kameraet. Det går rimeleg fort når ho knekk ned i fase 2 og set full fart mot sjøen. Her var eg heldig og fekk ho ganske rett imot. Litt mørke lysforhold, men det gjekk likevel bra fototeknisk.

Den første fisken Gunda henta opp. Ho har hatt tendens til å bomme litt på fiskane før, men denne gongen var ho treffsikker.

Otto bidrog med eit par paler han og.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Pinseørner del 1 - Gudrun og Ottar dramatikk

Neste
Neste

La humler og honningbier suse