Pinseørner del 1 - Gudrun og Ottar dramatikk

Denne bloggen tar for seg merkeleg åtferd av Gudrun, den like tillitsfulle Ottar, fiskekast på land, innbilt havørnmåse og til slutt ein teist.

2. pinsedag var det igjen tid for mange havørntimar på sjøen. Det vart så mange ørnetreff at minnekortet gjekk fullt, og eg har derfor delt fotofangsten frå denne dagen inn i tre delar.

Det er på pinsedagen to år sidan eg første gong fekk kontakt med Ottar, og fann reirplassen til han og Gudrun. Det har seinare vore mange turar til dette flotte havørnparet. I 2023 fostra dei fram ein unge. I 2024 var dei ungelause, og det same ser ut til å vere status i 2025, dessverre. Tidlegare observasjonar i år har vist at dei har lege på reiret. 2. pinsedag kunne vi slå fast at det ikkje er noko reiraktivitet i år.

Ottar sat godt synleg i furutrèet da båten nærma seg. Han letta ganske med ein gong, tok eit sveip over båten, og landa i ein furutopp så nærme han kunne kome. Da var det berre å gjere klart fotoutstyret og hive uti den første palen. Inga nøling hos Ottar, som frakta sin første fangst for dagen til eit berg ved sjøkanten, sjå dei to første bileta. Der sat han og åt til Gudrun meldte sin ankomst. Les meir om dette nedanfor.

Del 2 av pinsebloggen kan du lese her, og del 3 her.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Ottar hentar første palen til seg sjølv.

Stilstudium av Ottar på veg inn mot land.

Fotoserie av Gudrun som vil ha fisken til Ottar

Nedanfor er ein fotokarusell som viser ein konfrontasjon mellom Gudrun og Ottar. Gudrun viste seg etter ei stund høgt oppe, men sirkla nedover og med høge skrik sikta seg inn på Ottar og fisken han åt på. Ottar var ikkje interessert i å dele. Det verka nesten som fjøra reiste seg på hovudet hans. Ottar svarte tilbake, stakk av garde så fort han kunne og sette seg på ei grein litt lenger borte og åt vidare. Gudrun stod att med uforetta sak, letta etter ei stund og forsvann ut av syne ei stund.

Det var elles merkeleg å observere åtferda til Gudrun denne dagen. Ho kom ikkje ned og henta fisk, berre flaug høgt oppe og fram og tilbake. I lufta stoppa ho av og til opp, flaksa kort med vengene og løfta seg litt opp med framkroppen, før ho segla vidare. Det verka nesten som noko feila ho, utan at det var noko konkret å observere. Einaste avvik var at fjørdrakta, særleg på høgre venge, verka å vere rufsete og kanskje mangla eit par fjør.

For å prøve å hjelpe Gudrun til å få seg ein matbit, så heiv vi eit par paler på land. Ho oppdaga dessverre ikkje desse, og var uansett for sein til å hente dei før måsane stakk av med begge to.

Ottar sit og slappar av etter “slaget”.

Litt seinare sat han seg klar att. Her lettar han nokre sekund etter pale nummer to går i sjøen.

Ottar på veg til pale nummer to.

Ottar har fått seg ein fiskehale.

Kunne vore ein innbilt havørn, men er ein ungmåse som stakk av med den eine palen som vart kasta på land til Gudrun.

På veg til neste havørnpar kom vi over denne teisten, på ein lokalitet eg ikkje har sett teist før. Kan det vere ein unge, sidan den var ein del kvitspetta i fjørdrakta?

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til del 2 og del 3 av denne 2. pinsedag 2025.

Forrige
Forrige

Pinseørner del 2 - Gyda og Tor i felles svev

Neste
Neste

Gunda i stupet