Pinseørner del 3 - Otto og Gunda med rekordfangst
Del 3 av pinseørnbloggane omhandlar ei ellevill avslutning på havørnsafarien 2. pinsedag. Del 1 og del 2 omhandla dei to første havørnpara Tore og eg var innom denne dagen. Lite visste vi kva som møtte hos Gunda og Otto.
Det var den dagen kastearmen gjekk varm og minnekortet fylte seg til randen. Gunda og Otto henta heile 19 paler opp i reiret. Dette er suveren rekord så lenge vi har hatt kontakt med havørner i Sunnhordland. Det er så ein kan lure på om det er plass til så mange fiskar i eit havørnreir, og kor mange dagar eit så stort matlager vil vare. Ein kan og lure på kor mange ungar dei har i år. Med vanskeleg innsyn til reiret kan vi ikkje slå fast sikkert kor mange ungar det er, men vi har sikker observasjon på i alle fall ein unge. Uansett, så verka det nesten så det klikka for begge to denne dagen. Otto starta opphentinga ikkje lenge etter at vi kom til plassen. Han henta først fire-fem paler, før det vart ein liten pause. Så var han brått tilbake og landa i næraste tretopp. Da var det berre å fortsetje å tømme fiskelageret i båten, som heldigvis var godt fylt opp både med nyfiska og opptint fisk.
Etter kvart meldte Gunda seg på fiskeeventyret, og henta opp nokre fiskar på slutten. Ei stund verka det som dei var fornøgd med fangsten, og viste seg ikkje på ei stund. Da sette vi baugen heimover og eg skulle akkurat til å skyve gasspaken framover. Da ser vi oss tilbake for ein siste sjekk, og sanneleg, der var begge to på plass igjen. Det var da tre opptinte fiskar att i båten, og kvifor ikkje sjå om dei ville auke fiskefangsten frå 16 til 19? Dei let seg ikkje be to gonger, særleg når ein måse stakk av med dei eine. Da ga Otto full gass og henta ein oppgulpa pale tilbake, for andre gong denne dagen.
Totalt denne dagen vart det kasta ut nærare 30 fiskar, det var ikkje så lett å halde nøyaktig teljing undervegs. Dei tobeinte utan venger i båten er samde om at dette er ein av dei mest minnerike havørndagane dei siste fire åra.
Det vart som nemnt svært mange bilete denne dagen, og nokre mindre vellukka videoopptak. For å få med litt av bildeomfanget er det lagt ut to fotoseriar der Otto hentar opp fisk. Den eine serien er tatt med Otto forfra, den andre frå sida. Da kan du studere teknikken han har for å fange fisk frå sjøen.
Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.
Otto startar med den første fiskefangsten. Det skulle bli rekordmange denne dagen.
Fotoserie 1 med 10 foto med Otto forfra
Her kan du bla det gjennom bilde for bilde når Otto hentar fisk.











Nærfoto av Otto like før nedslag.
Og like etter nedslag.
Fotoserie 2 med 13 bilete av Otto frå sida
Her kan du studere teknikken til Otto frå sida, der han og sjekkar palen og prøver å feste venstre klo.













Stilstudium av Otto på veg opp i fase 3.
Otto stryk nokre meter til side for båten og hentar opp ein pale som måsen måtte gulpe opp att for å sleppe unna klørne til Otto.
Gunda imponerer med sine store venger, og poserer flott med nyfanga pale.
Gunda stuper i fase 2, i sin karakteristiske og dramatiske stil.
Gunda i same stupesekvens som over.
Gunda har henta palen. Legg merke til kor store klørne er som er kveila rundt palen.
Måsen var ikkje fornøgd med at Otto tvang den til å gulpe opp palen. Her er Otto på veg tilbake etter ein litt lengre tur ut i fjorden. Om dette er nett den same måsen, er meir usikkert.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.