Svartbak med oppgulp
Endeleg fekk eg fotografert heile sekvensen frå ein svartbak sluker ein pale til den gulper den opp med ei havørn i hælane. Sjå fotoserie lenger nede i bloggen.
Sommarvèret i juni i år har vore svært så skiftande. Nest siste laurdag utmerka seg med utsikter til lite vind, sol og opp mot 20 grader på ettermiddagen. Da gjeld det å utnytte dagen. Fotomakker Tore Idsøe og eg mønstra på båten i 9-tida, og var ikkje tilbake i båsen før det var gått seks timar.
Det vart på langt nær så mange fiskekast og foto på brikka som 2. pinsedag. Det skuldast først og fremst at Gunda og Otto overraskande nok ikkje viste seg i det heile tatt, sjølv om vi var innom to gonger i løpet av dagen. For ca 14 dagar sidan sette dei ny fiskerekord med heile 19 fiskar. Kanskje dei enno et av lageret?
Vi var først innom Gudrun og Ottar, for å sjekke stoda etter den merkelege åtferda til Gudrun 2. pinsedag. Ottar viste seg med ein gong han såg båten. Medan vi gjorde oss klar, så flytta han seg nærare frå tretopp til tretopp. Har verkeleg sansen for Ottar! Han henta berre ein pale og forsvann ut av syne for oss. Gudrun var ikkje å sjå, så da var det å starte Yamaha`en og sette kursen mot Gyda og Tor.
Ungane til Gyda og Tor har vakse seg store og flotte. Denne dagen henta foreldra opp tre paler. Gyda tok begge sine til reiret, medan Tor åt litt først før han landa palen på sida av Gyda i reiret. Plassert ved sidan av kvarandre er det veldig tydeleg kor stor hoa er i forhold til hannen. Når ein ser dei kvar for seg er det ikkje alltid like enkelt å sjå forskjell på dei.
Svartbaken i ferd med å gulpe opp att palen. Sjå lengre fotoserie nedenfor.
Det fjerde havørnparet har vi ikkje vore innom sidan 11. mai, sjå denne bloggen. Det var difor svært gledeleg å observere ein unge ståande i reiret. Begge dei vaksne bidrog etter kvart til å hente opp kvar sin pale. Da den første palen landa i sjøen var det likevel ingen reaksjon på land. Det var overraskande, sidan hannen hadde satt seg i ein tretopp, tilsynelatande interessert i kva vi hadde å tilby. Reaksjonen kom først da ein måse landa på fisken og prøvde å svelge den. Da letta begge havørnene, der hoa endte opp med å hente fisken. Det vart ein fin fotoserie der ho kom imot kameraet, sjå fotoserien lenger nede.
Det same mønsteret gjentok seg med pale nummer to. Måsane sirkla lenge over palen, før det vart for fristande for ein svartbak. Han rakk å svelge palen heil, før han måtte bruke alle sine krefter på å lette med fangsten. Med sporen såvidt ut av nebbet kavde han på og letta til slutt i retning båten. Eg konsentrerte meg om svartbaken med kameraet, sjølv om Tore varsla at no kjem ørna. Svartbaken flaug opp på sida av båten. I siste den av bildeserien gulpar den opp palen, som ørna hentar opp rett etterpå. Svartbaken var så nærme båten, at det var i grenseland for 300mm min, men det gjekk akkurat. Veldig kjekt å kvittere ut ein sånn fotoserie, etter å ha sett måsen gjere dette på større avstandar tidlegare. Sjå fotoserien lenger nede.
Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.
Hos Ottar
Ein svolten og klar Ottar var rask til å hente ein litt tidleg lunsj.
Det var berre Ottar som viste seg her denne dagen. Forhåpentlegvis står det bra til med Gudrun.
Hos Gyda og Tor
Gyda peilar seg inn på den første palen.
Tor har med litt rusk frå land i innflyginga til sin første pale.
Eit strå løsnar frå beina.
Tor med klassisk positur i fase 3.
Gyda henta den siste palen denne dagen. Gyda og Tor tar opp det dei treng, i kontrast til Gunda og Otto 2. pinsedag.
Fotoserie: Opptak av fisk i motlys
Det vart eit fint opptak i motlys av hoa som har ein unge i reiret. Har valgt å leggje ut 14 bilete av fiskeopptaket, så kan du studere teknikken i ro og mak.














Fotoserie: Svartbaken gulpar opp palen med havørna i full fart etter den
Gjentar tekst i innleiinga: Svartbaken rakk å svelge palen heil, før han måtte bruke alle sine krefter på å lette med fangsten. Med sporen såvidt ut av nebbet kavde han på og letta til slutt i retning båten. Eg konsentrerte meg om svartbaken med kameraet, sjølv om Tore varsla at no kjem ørna. Svartbaken flaug opp på sida av båten. I siste den av bildeserien gulpar den opp palen, som ørna hentar opp rett etterpå. Svartbaken var så nærme båten, at det var i grenseland for 300mm min, men det gjekk akkurat. Veldig kjekt å kvittere ut ein sånn fotoserie, etter å ha sett måsen gjere dette på større avstandar tidlegare.


















Hannen hentar opp palen som svartbaken gulpa opp.
Følg den ørna!
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.