Makrofotografering neste?

For eit par år sidan kjøpte eg eit brukt makroobjektiv, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro. Det er kjent for å vere eit svært skarpt makroobjektiv, i tillegg til å vere lite (8 cm langt) og lett (185 gram) med vèrtetting (IPX1). Det har vore lite brukt utandørs, og mest brukt for avfotografering av dias og negativfilm i kombinasjon med Valoi easy35.

På YouTube har eg følgd med på makrofotokanalar, og særleg svenske Micael Widell, som har den største kanalen med over 100.000 følgjarar. I det siste har eit par andre dukka opp på youtube-radaren, Stewart Wood og Jamie Spensley. Ein fellesnemnar for desse, og tydelegvis fleire andre makrofotografer, er at dei har gått over til Olympus/OM System. Årsaker til det er mellom anna Micro 43-formatet som gir god djupneskarpleik, relativt lite vekt for kamera, objektiv og blits, rask autofokus og fokusstabling i kameraet. OM System sin unike Pro Capture er og ein nyttig funksjon for å fange små insekter i flukt.

Det hadde vore kjekt å utforske makroverda nærare. Det er ein naturfotogenre som kan vere svært så kortreist, med insekter og plantar overalt, både ute og inne.

Nedanfor er utvalde foto frå eit kvarters test- og inspirasjonsrunde på plenen i hagen. Først og fremst for å teste utstyr og innstillingar, og forhåpentlegvis bidra til å byggje motivasjon for å utforske denne genren vidare. Her er svært mykje å lære framover!

Alle foto er handhaldt utan blits i skuggen frå sola. Opptakstinnstillingar er lagt inn under kvart bilde. Alle foto er med kontinuerleg autofokus og 10 b/s.

Artsorakelet er 95% sikker på at dette er ein årenebbmott (chrysoteuchia culmella, sommarfuglar). OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/80s, f/8, ISO 400.

Årenebbmotten held seg godt fast i strået. OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/160s, f/6,3, ISO 400.

Artsorakelet er 95% sikker på at dette er ein hårete hageblomsterfloge (syrphus torvus, tovingar). OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/100s, f/8, ISO 400.

Hårete hageblomsterfloge bakfrå. OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/160s, f/8, ISO 400.

Hårete hageblomsterfloge. OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/200s, f/7,1, ISO 400.

Artsorakelet gir 56% treff for at dette er ein skråflekka krattblomsterfloge (meliscaeva auricollis, tovingar). OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/200s, f/7,1, ISO 400.

Artsorakelet er 100% sikker på at dette er ein dobbeltbanda blomsterfloge (episyrphus balteatus, tovingar). OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/250s, f/7,1, ISO 400.

Dobbeltbanda blomsterfloge. OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 Macro, 1/160s, f/7,1, ISO 400.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Første ettermiddagshavørntur i juli

Neste
Neste

Svartbak med oppgulp