Første ettermiddagshavørntur i juli

Her er ein liten rapport frå ein ettermiddagstur tidleg i juli. Denne dagen var det ein del vind frå nordvest, men med sol og eit par lokalitetar i rimeleg le for vinden, så vart det fleire fine treff med Otto, Gyda og Tor.

Les meir utfyllande tekst under kvart bilde.

Alle foto som vanleg med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Hos Otto (og Gunda)

Det var berre Otto som var heime denne ettermiddagen. Gunda var ikkje å sjå i løpet av den om lag timen vi var i lag med Otto. Han viste seg først da han jagde etter ein måse. Så fann vi han i eit grantre. Reiret er ikkje så synleg frå sjøen her, men ungen kunne likevel lokaliserast med kikkerten. Kjekt å sjå liv i reiret!

Otto kikka først lenge etter palen som landa i sjøen.

Etter ei lang stund letta han og henta fisk til ungen i reiret.

På kast nummer to tok det igjen lang tid før kongleørna Otto reagerte.

Til slutt letta han, etter at måsane hadde prøvd seg på palen i sjøen ei god stund.

Stilstudium av Otto i fase 2, på veg til fiskeopptak nummer to. Klikk på bildet for tilpassing til skjerm.

Otto siktar seg inn med ørneblikket mot fiskemålet.

Etter at fisk nummer to var levert til ungen i reiret, var ikkje Otto interessert i å hente meir fisk. Da gjekk turen vidare til Gyda og Tor og deira to ungar. Kanskje dei var heime og?

Hos Gyda og Tor

Både vaksne og ungar var heime da vi landa båten i nærleiken av reiret. Sjølv om Tor fleire gonger kom ut, så var det Gyda som var sjefen og henta alle fiskane som vart kasta ut. Det var ganske vindstille i dette området, og difor litt bingo i forhold til kva for retning ørna ville kome. Her er difor variasjonar med havørn fotografert bakfrå, framifrå og frå sida. Alle variantar går, særleg når Gyda bommar på fisken og den sprett opp bak ho.

Gyda med det første fiskeopptaket. Tilsynelatande sjøstøtt nedslag, men fekk ho tak i fisken?

Bilde nummer to, hugs at her går kameraet med 25 bilder per sekund. Gyda ser ut til å bomme på palen.

Det var bom, som vi har sett Gyda har gjort fleire gonger før.

Bommen er total, og Gyda må ta ein ny runde for å hente opp dyrebar fangst til dei to ungane i reiret.

På eit av dei siste kasta var vi sikre på at det var Tor sin tur til å få seg ein matbit. Han letta ganske med ein gong, men trakk seg litt uforståeleg før han kunne gå ned. Årsaken til det viste seg å vere Gyda, som utafor vårt synsfelt kom frå ei anna retning og henta opp palen. Eg rakk såvidt å ta nokre bilete av fiskeopptaket, men dei beste bildene vart i fase 3 (oppstigning).

Gyda tok ein krapp venstresving og frakta også denne palen til ungane i reiret. Tor returnerte, sikkert litt skuffa, til eit furutre på land.

På siste kastet, altså den siste palen i fiskekassa, var vi ganske så sikre på at det no var Tor sin tur. Men, neida, han vart igjen satt til sides av Gyda, som denne gongen tok palen til seg sjølv. Tor har jo hatt ein tendens til å ta fisk til seg sjølv, og ikkje vore den ivrigaste til å frakte fisk til reiret, så kanskje han no fekk smake sin eigen fiskemedisin?

Legg merke til høgre vingen som strekar i sjøen. Gyda har store vinger som sikkert ikkje alltid er like enkelt å halde full kontroll over med dei små marginane det er å hente opp fisk i fart.

Gyda sine bakre klør har såvidt fått sjøkontakt.

Det vart eit vellukka fiskeopptak for Gyda.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.

Forrige
Forrige

Hytta som nesten vart bikube

Neste
Neste

Makrofotografering neste?