Hytta som nesten vart bikube
“To Bee or Not to Bee” kan stå som undertittel på denne bloggen. Den handlar først og fremst om ein bieinvasjon på hytta av 6-7000 bier. I tillegg ga biene også høve til å teste ut eit par nye tillegg til makrofotoutstyret, ein Godox V350o-blits og AK diffuser.
På slutten av juni vart det oppdaga ein større bieinvasjon på hytta, like før sommarferien skulle starte. Birøktarekspertise vart kontakta, og ei god veke seinare var prosessen i gang med å lokalisere kor langt inn i hytta biene hadde sverma. Plankar hadde først blitt tatt ned utandørs, utan å kunne finne arnestaden. Det var difor spennande da vi skar laus eit par prøvepunkt langs ei bjelke i gangen innafor inngangsdøra. På forsøk nummer to vart det blink, og birøktaren kunne starte jobben med å støvsuge ut biene. Støvsugaren er skånsom og tar ikkje livet av biene. Frå oppsamlingskummen vart biene flytta over i ein bikube utandørs.
Biene var ganske rolege, og mest opptekne av å byggje rekkene med bivoks. På eit par av rekkene var det allereie lagt larvar. Birøktaren kunne fortelje at når dronninga startar med egglegginga, så legg ho mellom 1000-1500 egg per døgn, i ein månad. Når ein månad har gått, så startar dei første egga å klekke. I løpet av den neste månaden ville det da ha summa minimum 30 000 honningbier inn og ut av hytta. Da hadde hyttesommaren blitt avlyst. Heldigvis gjekk det ikkje sånn, men uthentinga av biene var i siste liten.
Birøktaren leiter etter bisvermen i opninga der biene gjekk inn.
Biene er lokalisert oppunder taket rett innafor inngangsdøra.
6-7000 bier i full jobb for dronninga.
Bivoksen vart forsiktig skåre ut og støvsugd for bier.
Til slutt vart alle åtte bivoksrekkene fjerna. Dei resterande biene var nok ein smule forvirra over kor dronninga vart av.
Kreperte bier på golvet i gangen….
…og i vinduskarmen i 2. etasje.
Eit par dagar seinare låg biene strødd på golv og i vinduskarm. I løpet av to-tre dagar til kom det ei og anna bie ut frå arnestaden i veggen. Dei ramla ned på golvet før dei daua. Nokre klarte å krype ut inngangsdøra og nokre meter til på steinhellene før dei kreperte. Det ga eit høve til å teste ut den nye blitsen og diffuseren. Nedanfor er tre utvalde foto og eit bonusfoto til slutt.
Bier er fascinerande og flotte dyr, sjølv om denne strauk med nokre minutt etter at bildet vart tatt.
Olympus OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 makro, Godox V350o-blits, AK diffuser, 1/100s, f/10, ISO 200
I halvsvime på dørmatta.
Olympus OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 makro, Godox V350o-blits, AK diffuser, 1/100s, f/10, ISO 200
Denne kraup i halvsvime gjennom stråa mellom steinhellene.
Olympus OM-1, M.Zuiko 60mm f/2,8 makro, Godox V350o-blits, AK diffuser, 1/100s, f/9, ISO 200
Birøktaren med eit treffande slagord!