Havørner i 28 grader

Kjekt å få fisk mellom 1,5-2,5 kilo.

Søndag 20. juli var ein av dei mange varme sommardagane som Vestlandet vart velsigna med i år. Det har vore svært mange dukkerter i sjøen i sommar, etter som sjøtemperaturen steig frå ca 18 grader til over 23 grader. Morgonbadet på hytta vart med andre ord varmare og varmare utover juli.

Denne søndags ettermiddagen bikka gradestokken over 28 grader, og med stille fjord og fløande sjø, kasta eg loss litt sein ettermiddag. Det har vore godt fiske i sommar, og den største seien eg fekk var på 4,2 kilo. Denne ettermiddagen fekk eg opp tre sei og seks fine lyr, alle på rundt to kilo. Det var meir enn nok til å ta ein tur innom Gyda og Tor, og sjå korleis det stod til med dei to ungane deira.

Klokka er 21:58, med gradestokken framleis godt over 20-talet.

Vel framme ved ørnereiret, kunne eg raskt observere Gyda sitjande i eit tre ikkje langt frå reiret. Så gjekk det ikkje mange sekund før ho var i lufta på veg mot meg. Eg var ikkje heilt klar med kameraet, og ho sette difor kursen mot næraste land. På første kastet kom begge to flygande ut. Eg følgde først Tor, men så skifta eg til Gyda da eg brått oppdaga at ho kom i full fart og var den som stupte ned og henta første fisken. Den gjekk rett opp i reiret. På dei neste to kasta var det igjen Gyda som kom. Den eine var nok litt over to kilo, og vart slept inn til land før Gyda etter ein liten pause fortsatte til reiret.

Med tre fiskar plassert i reiret, såg det ut som at foreldra tok det med ro. Eg nærma med difor forsiktig for å sjekke om begge ungane framleis var i reiret. Eg trudde eg såg begge to gjennom kikkerten, men såg seinare i fotoarkivet berre den eine. Det kan vere tilfeldig at eg ikkje fekk med meg begge to, eller at den eine ungen har byrja å ta seg luft under vengene.

Det vart til slutt eit fjerde kast, sidan Gyda letta og viste interesse for meir fisk. Eg hadde da berre større fisk att, men heiv uti ein eg tipper var litt over to kilo. Denne fiska ho likevel fint opp, men igjen med ein liten pause på land før vidare transport til reiret.

Det var kjekt å observere dette havørnparet igjen, etter om lag tre veker sidan sist. Ei ny oppleving var det at Gyda møtte meg ute med båten ganske med ein gong, nett som Ottar brukar å gjere. Det var og merkbart å sjå kor mykje Gyda hadde mørkna i fjørdrakta på den tida. Var nesten som eg ikkje kjente ho att. Tor prøvde seg på å hente fisk, men vart igjen satt til side av Gyda.

Det høyrer med til varme sommarkvelden å kome tilbake til brygga, framleis berre i shorts, finne fram sløyebordet i naustet og filetere dei resterande fiskane ferdig til klokka halv elleve på kvelden. Slike varme og sjønære sommarkveldar er gull verdt for sjel og sinn.

Gyda med første fiskeopptak.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 19:55.

Gyda sjekkar fangsten og låser høgre klo på fisken.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 19:55.

Gyda var ivrig og henta opp fisk nummer to tre minutt etter den første. Ho kom så fort at eg knapt rakk å få ho i søkaren.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 19:58.

Så vart fisk nummer tre henta av Gyda, igjen tre minutt etter fisk nummer to. Og igjen hadde eg eit svare strev med å halde nok avstand for 300mm og fange ho i søkaren i svevefasane.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2000s, f/4, ISO 400, kl 20:01.

Så gjekk det om lag 18 minutt før eg forstod at Gyda ville ha ein fisk til. På grunn av bølgjer vart det eit litt varierande opptak, men resten av bildene nedanfor er det beste eg fekk ut av dette siste fotoopptaket.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 20:18:57.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 20:18:58.

Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 20:18:59

Ein fugl med fisk, og ein utan fisk. Gyda med siste og største fangst tar kvelden med fisk nummer fire til sine to ungar.
Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 400, kl 20:19:01.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.

Neste
Neste

Hytta som nesten vart bikube