Pinseørner del 2 - Gyda og Tor i felles svev

Bloggen er del to av tre frå 2. pinsedag, og omhandlar to besøk hos Gyda og Tor. Dagen utvikla seg vidare til eit større høgdepunkt. Dette blir omtalt i del tre. Første del av pinsebloggane kan du lese her.

Gyda og Tor har for andre år på rad klart å få fram to ungar. 2. pinsedag fekk desse to besøk av meg. Først på morgonen aleine i båten. Da prøvde eg å få nokre videoopptak når dei henta fisk. Det er over eitt år sidan eg sist brukte videofunksjonen i kameraet. Utan særleg videotrening vart det ikkje den store suksessen denne gongen. Gyda var ikkje synleg å sjå, medan Tor sat i skitetreet sitt. På første kastet kom begge to med ein gong, der Gunda henta den første. Seinare vart det eitt kast til som Tor henta. Eit tredje kast gjekk meg hus forbi. Ingen kom først og henta. På veg bort med båten for å finne att palen, så snur eg meg tilfeldig og ser akkurat at Tor henta den tredje palen bak ryggen min.

Planen for dagen var å svinge innom eit par havørnlokasjonar, som avslutning på pinsehelga. Vèrmessig var det meldt ok vèr på føremiddagen. Så oppdaga eg etter kvart at dagen utvikla seg til å bli ein optimal dag på sjøen. Fjorden var roleg med delvis skya himmel over seg. Midt i eit over middels godt fiske, eg heiv opp den eine etter den andre palen, ringte eg difor mannskaps- og fotomakker Tore Idsøe i halv ellevetida. Er du ledig for ein spontantur? 45 minutt seiare mønstra Tore ombord.

Turen gjekk først til Gudrun og Ottar, omtalt i del 1, før vi kom tilbake til Gyda og Tor. Med to ungar i reiret var det forventa å få til mange kast. Så skulle det ikkje gå. Gyda sat lenge på reirkanten, men henta til slutt ein pale som ein måse starta å hakke på. To ungar venta godt synleg på neste måltid.

Etter Gyda og Tor gjekk turen til Gunda og Otto. Der tok det heilt av. Det kan du lese om i del 3, som snart kjem.

Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 PRO.

Gyda på veg til første palekast.

Like etter Gyda var på vengene, så letta Tor og. Her er han øvst og kjem litt for seint i forhold til maken sin. Dette er berre andre gong eg har fått både Gyda og Tor i same biletet.

Gyda med vellukka fangst, som gjekk rett til ungane. Litt større avstand enn normalt på dette kastet.

På andre kastet var Gyda oppteken med ungemating, og Tor kunne uforstyrra sikte seg inn mot neste pale.

Kven seier at bilete bakfrå av ei havørn ikkje kan bli bra? Her er ein bildeserie av Tor i det han treff fiskemålet sitt.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar og velkomen tilbake til del 3 og 3 av denne 2. pinsedag 2025.

Forrige
Forrige

Pinseørner del 3 - Otto og Gunda med rekordfangst

Neste
Neste

Pinseørner del 1 - Gudrun og Ottar dramatikk