Variasjonar over fullmåne og supermåne

3. januar 2026 slo til med både fullmåne og supermåne, noko som lokka fram kamerautstyret først og sist på dagen. På morgonen rakk eg akkurat å fange fullmånen før den forsvant bak søre del av Stordfjellet, ca 7 km avstand frå standplass. Det vart eit kortreist og handhaldt bilde frå altandøra. Fokusen vart nok litt forstyrra av kalddis, men eit par-tre foto vart heldigvis skarpe.

Seinare på dagen var det meldt supermåne. På app`en The Photograpers Ephemeris (TPE) kunne eg sjå at supermånen ville vise seg før sola gjekk ned, meir presist ville den stå opp kl TIDSPUNKT. TPE viser også himmelretninga den kjem opp, så da kan ein vere godt førebudd i god tid på førehand.

Lysforholda var rimeleg konstant for den synkande fullmånen. For den oppadstigande supermånen vart det etter kvart meir varierande lysforhold, slik du kan sjå i utvalde foto nedanfor.

Alle foto er tatt med OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. RAW-filer er konvertert med DxO PureRAW 5, deretter finpuss i Lightroom Classic.

Fullmånen på veg ned bak sørlege del av Stordfjellet. 1/1600s, f/4, ISO 1000, kl 09:42:05.

Fullmånen eit hakk lenger ned bak Stordfjellet. 1/1600s, f/4, ISO 1000, kl 09:43:16.

Variant #1. Det skya litt til på ettermiddagen. Det var først da supermånen var komen eit stykke opp på himmelen at den vart synleg. Eg brukte stativ for å optimalisere opptaket. 1/800s, f/4, ISO 1000, kl 15:42:47.

Variant #2. 1/800s, f/4, ISO 1000, kl 15:43:57.

Variant #3. 1/800s, f/4, ISO 1000, kl 15:45:24.

Variant #4. 1/800s, f/4, ISO 1000, kl 15:53:53.

Takk for at du leste bloggen. Kommenter gjerne dine inntrykk og eventuelle spørsmål nedanfor.

Forrige
Forrige

Is-landskap på Ådlandsvatnet

Neste
Neste

Tidleg januarstart med havørn- og fotodramatikk