Tidleg januarstart med havørn- og fotodramatikk

Sju havørner og ein fotokatastrofe

Det var Tore (t.v.) sin tur denne gongen. Her litt seinare på dagen….

Det var Tore sin tur denne gongen.

Etter ein lang periode med kaldt og fint vèr på Vestlandet meldte Yr at laurdag 10. januar i denne omgang var siste sjanse for ein havørnsafari med sol, kuldegrader og roleg fjord. Dagen markerte også den tidlegaste havørnstarten på året. I fjor gjekk båten ut 19. januar.

Vi møttest ved båten kl 0900, ein god halvtime før soloppgang. Himmelen i søraust var alt farga med det varme og fine vinterlyset som ofte oppstår på denne årstida. Med minus seks grader og etter ein lengre kuldeperiode, hadde eg med to store termosar med kokevarmt vatn, samt ein isfjernar på spruteflaske. Varmtvatnet trengs for å tine opp sidedøra til styrehuset, samt tine opp framdekket til å trygt kunne løsne fortøyningane. Noko is vart likevel liggjande på akterdekket, så det gjaldt å stokke beina undervegs.

Eit pussig vèrfenomen har vore at båthamna ikkje har frose til etter fleire veker med minusgrader. Normalt skulle isen vore fleire cm tjukk. Forklaringa er at sjøtemperaturen langs kysten er høgare enn normalt. I båthamna er den målt til 6,5 grader, noko som har vore varmt nok til at isen ikkje har lagt seg. Varmare vintersjø er klimamessig ikkje positivt, men praktisk for tilgang til båten.

Smålom i Eldøysjøen.

På veg ut av båthamna observerte eg overraskande nok ein smålom. Med eit nokså dunkelt morgonlys vart det ikkje dei beste bildene i første omgang. Heldigvis var den der og på tilbaketuren i 12-tida, og vi kunne forevige denne litt sjeldne og fine fuglen i vårt nærområde, sist eg fotograferte smålom var på Svalbard i 2022. Ein av oss hadde på det tidspunktet eit lengre fungerande objektiv enn den andre, i forhold til det som var likt utgangspunkt i fotosekken på veg ut om morgonen. Nokså kryptisk formulert, forklaringa kjem lenger nede.

Med sola framleis bak fjella i søraust, vart kursen satt mot Ottar og Gudrun sitt havørnrike. Vel framme såg vi begge to flygande etter kvarandre. Ein ungfugl av ukjent årstal viste seg og på himmelen. Ottar og Gudrun verka å berre vere opptekne av kvarandre, og etter ei stund satte Ottar seg i eit tre ovafor reiret. Han ville ikkje ha palen som hamna i sjøen, og Gudrun hadde allereie satt kursen nordover langs land utan å ense oss.

Eit øydelagt M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO.

“Dunk”, høyrer eg bak ryggen min der eg stod på akterdekket, rett utafor skyvedøra. Så bryt stemmen til Tore gjennom - “Å nei, å nei, å nei!” Det går nokre sekund før eg oppfattar kva som har skjedd, der eg ser Tore bøyer seg ned på dørken i styrehuset og plukkar opp sin OM-1 og 300mm f/4. I to delar! Fotokatastrofen gjentar seg, slik eg opplevde det i april 2024. Konstruksjonen i objektivet er smart nok ved at den ytterste delen som er skrudd inn i bajonettfatninga til kameraet knekk når det kjem eit hardt slag, som f.eks. fall frå høgde. Smart i tydinga at det skånar kameraet, så og i dette tilfellet. Det går fint å reparere objektivet, men det får ei lengre reise til OM System sin europeiske verkstad i Portugal. Der fekk min 300m god omsut i 2024. Fordelen er at objektivet blir kalibrert, og er så godt som nytt etterpå. Så kan ein håpe på eit godt forsikringsoppgjer. I mellomtida er eit godt alternativ 40-150mm f/2,8 + telekonverter MC-14, som både Tore og eg har med oss på alle turar. Det gir som kjent 420mm samanlikna med fullformat.

Nedanfor er bildeoppsummeringa av turen i kronologisk rekkefølge.

Hos Gudrun og Ottar

Ottar etter å ha flydd etter Gudrun ei stund. Lang avstand og litt svakt morgonlys ga ikkje den beste bildekvaliteten her.

Det vart først og fremst ei observasjonsøkt hos Gudrun og Ottar. Ottar sette seg til slutt ned på ei furugrein litt ovafor reiret. Her sat han heilt i ro og rikka seg heller ikkje for å hente palen vi kasta til han.

Hos Gyda og Tor

Neste stopp ved Gyda og Tor ga heller ikkje så mykje havørnopplevingar. Etter ei stund viste ei ungørn seg, kanskje ein av dei to ungane som vart fostra opp her i fjor. Ungørna sette seg i eit tre litt lenger vekke frå båten, og ville heller ikkje ha fisk denne dagen.

Ungørna siktar seg inn på øvre del av furutreet til høgre. Der sat den og pleide fjøra sine, og ville ikkje bli våt på beina av palen som låg og venta på den.

Hos Gunda og Otto

Tredje stopp var hos Gunda og Otto. Dei var ikkje synlege dei første minutta, men plutseleg sat Otto i ein furutopp og var klar for ein matbit. Etter kvart meldte Gunda seg på og. Ei ungørn, sikkert frå fjorårskullet, viste seg og der den flaug etter foreldre og ut av syne.

Otto siktar seg inn på første fiskeforsøk. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 2500

Det vart jammen ein sjeldan bom for Otto. 300mm vart for nærme her, men du ser såvidt palen i høgre bildekant. Skulle gjerne kunne ha zooma ut litt her. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 2500

Otto ser litt forfjamsa ut her og i bildet over, rett etter fiskebommen. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 2500

Otto henta opp ein pale på andre forsøk. Her festar han grepet med venstre kloa. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/3200s, f/4, ISO 2500

Gunda melder seg på fiskejakten. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 2500

Gunda har festa blikket. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Fint å få snøkledd landskap som bakgrunn til Gunda, om enn noko dusa ut her. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Prikkfri fiskejakt for Gunda her. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Otto kom til syne att, og går inn for landing i grantreet, klar for meir fisk. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Otto ville absolutt ha ein pale til, og knekk her ned i fase 2. Nokså spektakulær akrobatikk desse store fuglane kan varte opp med. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Otto sikrar seg fiskefangst nummer to. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Igjen justerer han grepet med venstre klo. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Otto sette seg på ein svær grein han ofte bruker som matbord. Her kunne vi kome ganske så nærme med båten utan at han brydde seg om det. Nedanfor har eg tatt med fleire positurar frå denne eteøkta. OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO. 1/2500s, f/4, ISO 1600

Ser du kråko?

Kråka har flytta seg ned ein etasje. Otto et enno av palen.

Otto viser tunga si.

Litt søraustleg vind tok tak i nakkefjøra.

Dette og neste bilde har eg ikkje tatt av havørn før. Alltid artig med nye variantar.

Otto ristar på hodet, og har absolutt tatt seg betre ut.

Lo du?

Palen er fortært, og Otto lettar og flyg til ei grein litt bortafor, sjå dei tre neste bildene og.

Otto ville kanskje ha litt til, der han nesten gøymde seg for kameraet. No var fiskekassa tom for fisk, og kursen vart sett mot land etter vel tre timar på fjorden.

Tore fiksar litt på fiskesnøret, opplyst av morgonsola.

Ein rekordtidleg start på havørnåret tok seg opp utover dagen. Ser vi bort frå uhellet med Tore sitt teleobjektiv, så var dagen absolutt vellukka. Uansett er det fint å kome seg på fjorden. Med minus 6-7 grader er det viktig kle seg godt, ikkje minst med gode hanskar og ullsokkar i gode vintersko. Så er det fint med varmeapparatet i styrehuset.

Takk for at du leste bloggen. Kommenter gjerne dine inntrykk nedanfor. Velkomen til neste blogg!

Neste
Neste

Romjulsfisk til Gyda