Romjulsfisk til Gyda
Romjulsmannskap Ivar bidrog med god fiskefangst.
Perlesnormanet som dreiv langs båten. Eit syn vi ikkje vil sjå langs norskekysten. Lakseoppdrettarane fryktar den med rette, da perlesnormaneten tar livet av laksen i merdane.
Eit fantastisk fint romjulsvèr toppa seg 2. juledag med blå himmel og stille blå fjord. Yngstemann Ivar vart med på fisketur, med eit havørntreff som mogleg bonus. Med fløande sjø var det forventningsfulle blikk på ekkoloddet. Det viste etter kvart at det var fisk i sjøen, om enn ikkje ivrig bitande. Det endte likevel opp med seks gode paler og ein liten lyr. Eller, 4-3 til pappaen i fiskekonkurransen som Ivar inviterte til.
Etter tre fiskar i fiskekassen køyrde vi bort til Gyda. Både ho og maken Tor vart observert med kikkert ei stund før, men da vi kom for å servere romjulspale, så var Tor vekke.
Gyda letta, og kom imot båten før vi var komen heilt fram. Da var det berre å hive uti den største palen. Gyda nølte ikkje lenge før ho stupte ned. Der gjekk ho på ein solid bom! Litt forfjamsa steig ho opp, tok ein ny runde, sikta seg inn i fase 1 og stupte ned i fase 2. Men, igjen bomma ho! Kanskje Gyda er ute av trening i vinterhalvåret? Ho har og bomma fleire gonger elles i året, så det er nok meir tilfeldig.
På den tredje runden gjekk ikkje Gyda ned igjen, men flaug mot land og sette seg i ein furutopp. Palen hadde sannsynlegvis blitt punktert på andre forsøket og var på veg mot botnen for å bli krabbemat.
Med Gyda klar i furutoppen, men kanskje med litt såra stoltheit, vart pale nummer to kasta ut. Den var litt mindre enn den første, og Gyda let seg ikkje be to gonger. Denne gongen vart det fiskesuksess, og ho landa inne på land ute av syne bak nokre tre og kunne fortære palen i ro og mak.
Litt seinare kom det ei havørn igjen flygande, som eg først tenkte var Tor. Det viste seg likevel å vere Gyda. Ho var tydelegvis mett, og ville ikkje ha ein ny pale som vart kasta i sjøen. Slikt sett er ho eit førebilete for vår bruk-og-kast-mentalitet. Ikkje ta meir enn det du har bruk for!
Alle foto er med Olympus/OM System OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 PRO, 1/2500s, f/4, ISO 800, 25 b/s. Redigering med DxO PureRAW 5 og Lightroom Classic.
Førre båttur var 15. november, altså lenge sidan. Eg legg derfor ut litt fleire bilete, 22 stk, enn det som mest er vanleg.
Forsøk og bom nr 1
#1 - Gyda møter båten før den har stoppa, og siktar seg inn på palen i sjøen i fase 1.
#2 - Knekk ned og akselerer i fase 2.
#3
#4 - Det går unna i fase 2. Gyda har med seg eit strå i høgrefoten.
#5 - Rett før ho treff palen i sjøen, men…
#6 - …det vart ein solid bom på ein ikkje for stor pale.
#7 - Litt betutta uttrykk etter bommen.
#8 - Gyda konstaterer at det ikkje vart fangst med opp.
#9 - Gyda kikkar seg tilbake, og gjer seg klar for runde nummer to.
Forsøk og bom nr 2
#10 - Blikket og fokus er festa i fase 1.
#11 - Knekk ned igjen i fase 2 utan å sleppe palen av syne.
#12 - Denne gongen landa ho med ryggen til båten og kameraet.
#13 - Og igjen vart det ein solid bom!
#14 - Nytt blikk tilbake, og kva tenker Gyda på her?
#15 - Etter ein tredje runde utan å sjå palen landa ho i furutoppen, kanskje med håp om ein pale til?
Forsøk nr 3
#16 - Pale nummer to gjekk i sjøen, og Gyda letta med ein gong. Ho var tydelegvis svolten. Denne gongen vart det suksess, som dei neste bileta viser. Same type innflyging og luftakrobatikk som tidlegare.
#17 -
#18 - Det er flott å fange havørna nå ho ligg sidelengs i lufta.
#19 - Her går det unna for å ha fart nok i sjølve fiskeopptaket.
#20 - Eit sjøstøtt nedslag av Gyda.
#21 - Palen er sikra med solid feste av begge klørne.
#22 - Denne gongen ser ho seg tilbake for å sjekke at palen er godt festa på veg til land.
Takk for at du leste bloggen. Kommenter gjerne nedanfor. Er det for eksempel eit bilete du likte best? Andre idear til bloggen?
Dette er den 25. og siste havørnbloggen i 2025. Alle dei andre havørnbloggane, og andre bloggar, finn du på denne sida.