Is-landskap på Ådlandsvatnet

Januar og februar 2026 har vore kald og nedbørsfattig på Vestlandet. Så kaldt har det vore at det har lagt seg stålis på små og store vatn, gjerne 20-30 cm tjukk. Sjølv hadde eg gleda av å få eit par skøyteøkter på Ådlandsvatnet på Stord, lokalisert langs E39 rett nord for Leirvik, sjå kart her. Det er berre tredje gongen det har vore mogleg å gå på is på Ådlandsvatnet sidan vi flytta til Stord i 1997, dvs i 2000, 2010 og no i 2026. Det tar altså 10-15 år mellom kvar gong ein kan oppleve dette. Da gjeld det å nytte sjansen.

Torsdag 5. februar tok eg med meg hockeyskøytene etter jobb og fekk ein halvannan times skøyte- og fotoøkt på isen. Fotomålet var å finne eit ismotiv i solnedgangen. Det lukkast rimeleg bra med ein liten isklump eg først jobba med på nordenden av vatnet. Etter at sola gjekk ned, skøyta eg vestover mot utlaupet av Vatnaelva. Der oppdaga eg til mi store fotoglede mange fantastiske frosne bobleformasjonar. Med kveldslyset i stadig mørkare modus var det ei utfordring å få høg nok dybdeskarpheit med objektivet 12-100mm f/4. Dei mest vellukka er presentert nedanfor.

Alle foto er tatt med OM System OM-1 og M.Zuiko 12-100mm f/4 IS PRO.

Her ligg kameraet på isflata. Håpet var å få enno fleire skyar i solnedgangen, men eg synes resultatet vart bra likevel. Isfiguren minner meg om ein alienfigur. 1/800s, f/7,1, ISO 400

Variant av alienfigur på Ådlandsvatnet. 1/320s, f/6,3, ISO 400

Det var fantastiske formasjonar og fotomotiv i dette området. Skulle gjerne visst om desse fleire dagar tidlegare. 1/25s, f/5, ISO 1600

1/25s, f/5,6, ISO 1250

1/25s, f/5, ISO 1250

1/25s, f/5, ISO 1600

1/25s, f/5, ISO 1600

1/25s, f/5, ISO 1600

1/20s, f/4, ISO 1600

1/30s, f/5,6, ISO 800

1/30s, f/5, ISO 800

1/40s, f/6,3, ISO 800

Takk for at du leste bloggen. Kommenter gjerne dine inntrykk og eventuelle spørsmål nedanfor.

Neste
Neste

Variasjonar over fullmåne og supermåne