Havørntur nr 100 - med spekkhoggar som bonus

Ein godt fornøgd jubileumsskipper- og havørnfotograf.

Søndag 1. mars kom endeleg våren med god vèropning for årets andre havørntur. Før turen tok eg tilfeldigvis ei oppteljing i Lightroom av alle turane sidan 2022. Eg kom til 99, og kunne da litt overraska førebu ei jubileumsmarkering på tur nr 100. Den vart markert i båten med mozell i stetteglas, Gullbrød, Kvikklunsj og den obligatoriske firkløveren som aldri går tom i båten. Tore er sikkert ikkje langt unna sitt jubileum heller, så da får vi ta ei ny markering.

For å halde oversikta over turane i Lightroom har eg laga ein “smart collection” etter dato, stikkord “havørn” og stjernemarkering av foto som er ferdigredigert. Det er da raskt og enkelt å gå tilbake til tidlegare turar for å sjå gjennom og finne spesifikke bilete.

Eit jubileum kan feirast på mangt eit vis. Tore Idsøe har vore med på ein del turar og, men har han kontroll på sin Lightroom?

Det har vore mange turar, og ingen tur har vore lik. Det skjer alltid noko uventa, og denne dagen skulle utmerke seg spesielt i små måte. Det starta med at det var fisketomt på den første fiskeplassen. Det gjorde at Gyda måtte gjere tomhendt vendereis da ho såg båten og kom ut for å vise at ho var på plass og klar for fiskefangst. På fiskeplass nummer to hadde vi akkurat starta fiskinga, da Tore spør kva det var som dukka opp rett ved sidan av båten. Ein stor ryggfinne braut sjøflata og vi kunne raskt slå fast at det var spekkhoggarar som passerte oss på 20-30 meters avstand. Dette var på same plassen eg fekk mitt første spekkhoggarmøte 2. april 2023, som du kan lese meir om i denne bloggen. Det viste seg å vere tre individ som vi på god avstand kunne følgje eit stykke før dei brått dukka og forsvann ut av syne. Foto av spekkhoggarane kan du sjå heilt nedst på denne sida.

Vi fekk etter kvart greitt med fisk i fiskekassa, som først Gyda og Tor fekk kvar sin av, før det var Gunda og Otto sin tur. Det er tydeleg at ingen av desse para har lagt seg på reir, men det er nok like før. Begge para hadde to ungar i fjor, og det blir spennande å sjå korleis hekkinga går i år. Gyda og Tor har til alt overmål hadde to ungar to år på rad.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Foto redigert med DxO PureRAW 5 og Lightroom. Tore og eg har same fotoutstyr, og han var spesielt fornøgd med å ha fått sin 300mm tilbake frå reparasjon i Portugal, etter det fatale uhellet i januar.

Jubileumsturen varte i fire timar med gode observasjonar av våre havørnvener, og ein overraskande og svært velkomen spekkhoggarbonus.

Gyda som overhengande havørn.

Gyda hentar opp ein fersk pale. Ho tok først ein runde ut frå land, sirkla rundt og bestemte seg for å setje seg i tretoppen igjen. Vi heiv derfor ut ein fisk til, sidan vi ikkje kunne sjå den første fisken. Etter ei lita stund letta ho, men skar brått til sida og plukka opp den første fisken som vi rekna som tapt.

Med Gyda ute av syne henta vi opp fisk nummer to, og var på veg til å forlate plassen. Da dukka plutseleg opp det vi trudde var Gyda igjen. Det viste seg i etterkant, da eg såg gjennom bildefangsten på skjermen, at dette var Tor. Det burde vi jo i utgangspunktet ha sett, sidan Tor er markert lysare i brystregionen. Veldig fint å sjå at begge held i lag enno.

Tor hentar opp sin ferske pale.

Så gjekk turen til Gunda og Otto. Otto er ringmerka og lett å kjenne att. Her er han i gang med sin første fangst, i full konsentrasjon.

Sjøstøtt nedslag for Otto.

Klassisk positur i oppstigningsfase 3.

På det første kastet kom både Gunda og Otto samstundes. Otto var raskast nede og fekk Gunda halsande etter seg rundt eit nes og ut av syne. Etter ei stund kom ho tilbake og sette seg for å vente. Da var det berre å hive uti ny fisk, og vi fekk ein flott bildeserie av ho. Gunda er merkbart større enn Otto, som alle hoer er i forhold til hannen.

Sjøstøtt nedslag for Gunda.

Fin oppstigning med blikket mot kameraet.

Gunda vidare i oppstigningsfasen, men fine grønfarger i bakgrunnen. Dette er originalt utsnitt med 300mm (600mm i fullformat).

Litt tettare utsnitt av Gunda. Ho er fantastisk flott med dei store vengene sine.

Otto ville ha meir fisk, og fekk eit frysevareksemplar.

Otto med sin berømte fiskedans!

1) Gunda sette seg først øvst i denne grana. Etter ei stund kom Otto med sin andre fiskefangst og sette seg i nedre del av grana. Her kikkar Gunda ned på maken sin.

2) Etter ei stund kikka Otto opp på Gunda. Skulle gjerne visst kva dei lurer på i sånne stunder.

Etter fiskemåltidet vaskar Otto nebbet på granbarene. Eit fast rituale havørnene har etter måltid.

Spekkhoggarar

Her er nokre foto av spekkhoggarane som dukka opp ved båten. Bileta er sendt inn til kontaktperson for Norwegian Orca Survey, som har eit omfattande kartotek med kvar registrerte spekkhoggar sine kjenneteikn. For eksempel vil eg tru hakket øvst i ryggfinna er eit kjennemerke for denne spekkhoggaren, samt dei lange stripene langs venstre sida, over den kvite flekken.

Fotografert ikkje langt frå båten mens vi låg og fiska. 300mm og litt utsnitt.

Leirvik i bakgrunnen.

To individ med Leirvik i bakgrunnen.

Dette verka å vere den største, og gjekk litt for seg sjøl lenger ute i fjorden. Søre Ilholmen i Bjoafjorden er i bakgrunnen.

Det hadde vore interessant å målt kor høg denne ryggfinnen er, den same som er på bildet over.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor, og tilbake til neste blogg.

Neste
Neste

Is-landskap på Ådlandsvatnet