Månen kyssar Siggjo god morgon
Tidleg torsdag 5. mars tok månen sikte på å gå ned bak Siggjo, det kjente og karakteristiske landemerket på naboøya Bømlo. Siggjo var det første Nansen såg av Norge da han kom tilbake frå ekspedisjonen gjennom Nordaustpassasjen. Dette er utsikt direkte frå huset, og eg såg med ein gong den varmt opplyste månen på veg frå soverommet til badet. Da var det berre å følgje med til den nærma seg Siggjo med eit hovudmål å få med akkurat når månen treff, eller “kyssar” fjellsida. Eit tilleggshåp var også å få heile masta på Siggjo midt i månen. Det lukkast berre nesten.
I kategorien kortreist foto har eg tatt mange stemningsbilete av Siggjo. I tillegg går Siggjo att i landskapsgalleriet mitt, frå den tida da eg hadde eit større fokus på landskapsfoto, blant anna vist i dette landskapsgalleriet. Denne morgonen tok eg OM-1 + 40-150mm f/2,8 PRO ut i hagen, støtta meg til flaggstanga og fyrte av ei god rekke med bilete medan månen i relativt god fart senka seg på skrå bak Siggjo. Fire av desse bileta er vist nedanfor. Månen var 96% full denne morgonen.
Det var ein stemningsfull morgon med varmt månelys og blå himmel. Klokka er 0715, om lag 10 minutt etter soloppgang.
Eit lett god morgon-kyss på toppkanten til Siggjo.
“Fly me to the moon” er ein tittel som dukka opp i hovudet da måsen dukka opp i søkarbildet.
Det er ikkje ofte det klaffar å sjå og fotografere månen gå bak Siggjo på denne måten.
Takk for at du leste bloggen. Velkomen tilbake og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.