Flying start på påskeferien med musvåk og nytt havørnpar
Det er påskeferie, og på palmelaurdag 28. mars 2026 tok eg båten over fjorden frå Stord til hytta på Bjoa. Litt ruskete fjordkryssingar av Bømlafjorden og Ålfjorden med sønnavinden i stigande styrke. Fiskeplassen ved Svollandsneset fyr låg i rimeleg le for vinden, og fiskesnøret vart optimistisk kasta ut med positive tilbakemeldingar på ekkoloddet som viste bra med fisk under båten.
Det gjekk ikkje lang tid før eg såg eit par havørner som kretsa i stor høgde om kvarandre lenger ute i fjorden. I fiskekassen hadde eg med to frosne paler frå tidlegare tur i mars. Etter kvart kom ørneparet nærmare og eg heiv uti den første fisken. Den fremste havørna dreide av og tok sikte på fisken medan den andre vart sirklande litt lågare på andre sida av båten. Eg heiv raskt uti den andre fisken, og eit minutt etter at den første vart henta opp så var fisk nummer to i lufta. Dette er to havørner som er observert over ein lengre periode i dette området, men som ikkje ser ut til å ha etablert seg med reir enno. Observasjonar gjennom vinteren tyder likevel på at dei har stor interesse for ein lokalitet som bør passe veldig bra for ei ny reiretablering. Det er god avstand til andre kjente havørnpar og her bør vere god tilgang på mat.
Sist gong eg hadde nærkontakt med havørner i dette området var i april 2024, skildra i denne bloggen med tittel “Fotokatastrofe på fjorden med noko attåt”. Eg må sjekke meir i fotoarkivet om det fins kjennemerke som kan slå fast om dette er det same paret.
Ein bonus før eg la til kai var mitt første møte med musvåk. Veldig gøy!
Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Bilderedigering i DxO PureRAW 5 og Lightroom.
Hoørna tar sikte på den første fisken. Eg reknar med dette er hoa, bl.a. med tydeleg større vingespenn enn den andre.
Stilstudium i fase 2.
Desse klørne verkar å vere nokre av dei lengre eg har sett, utan at eg eigentleg har reflektert over om det er vesentlege forskjellar mellom havørnene.
Vellukka fiskeopptak.
Hannen svever tilsynelatande over skyane, med sideblikket på fisken som nett er kasta uti.
Dei lyse merka under vengene er interessante med tanke på aldersbestemming. Her må eg ha tak i meir havørnekspertise enn det eg kan bidra med. I utgangspunktet tenker eg det er ei relativt ung ørn.
Det bles friskt i motvinden. Like imponerande kvar gong havørna gir gass og akselerer i stupet.
Oppbremsing med beina nede og vengene vendt bakover.
Sjøstøtt nedslag av ein profesjonell fiskar. Fantastisk fugl dette.
Her ga utsnittet seg sjølv da eg fekk havørna såvidt med i høgre bildekant. Godt grep rundt ein nokså frossen Findus-fisk.
Det er alltid like kjekt å bli kjent med nye havørner. Denne har sine karakteristiske merke som gjer det enkelt å kjenne den att ved seinare høve.
Hoa har sett seg på den faste plassen sin etter å ha brukt ei god stund på å fortære ein halvtint pale på land lenger unna. Eg heiv uti ein ny fisk, men tenkte det kanskje ikkje vart eit nytt fiskeopptak sidan ho nett hadde ete ein fisk.
Hoa kom omsider ut for å sjekke fisken.
Så stoppa ho brått opp, nesten full stans i lufta før ho vendte om, gjekk delvis i stup, men trakk seg og sette seg tilbake i toppen av grantreet. Det var likevel ikkje siste fiskefangsten for ho denne palmelaurdagen. Meir om det til slutt i bloggen.
Min første musvåk
Det vart etter kvart ein del måsar rundt båten, sidan dei observerte fisk i sjøen med havørner i nærleiken. Da ser eg brått ein fugl over båten som skil seg ut, og eg ser med 300mm at dette ikkje er ein kråkefugl, men ein mindre rovfugl. Det første eg tenker på er hønsehauk, sidan den og nyleg er observert i dette området. Så viser det seg at det eg har fanga med Olympus`en er ein musvåk. Min første! Det vart ein skikkeleg bonus på tampen av havørntreffet. Nedanfor er tre foto av musvåken, tatt i rimeleg god avstand til båten.
Musvåken litt frå sida.
Så vendte musvåken blikken rett mot båten og kameraet. Kanskje den lurte på om eg hadde noko anna å bite i enn fisk?
Her dreier den vekk frå båten, og seilte lenger vekk frå båten.
Siste fiskekast
Observasjonen og fotograferinga av musvåken kom imellom to fiskekast. Hoa trekte seg først gongen, som vist over. Eg såg ikkje igjen fisken og tenkte den kanskje hadde søkt. Likevel litt usannsynleg, sidan dette var ein av fire ferske paler eg fekk etter dei to første kasta ved fiskeplassen. Etter musvåken, såg eg foran båten at ei av havørnene nærma seg. Eg heiv da uti ein ny fersk pale. Brått stoppa havørna opp, og gjekk raskt ned og henta opp den første fisken eg heiv uti. Palen hadde da ikkje gått til botnen, men følgd straumen i motsett retning av vinden. Den første fisken hadde altså ikkje søkke. Dette er noko ein tid om annan opplever. Det vart da å hente fram håven og hente opp att den andre fisken, med fleire skuffa måsar som resultat.
Hoørna har henta opp den “motvindsfisken”. Det nye her var at ho flaug lenge fram og tilbake med fangsten i klørne før ho til slutt landa litt ut av syne i skogen.
På den litt lengre flygeturen med fersk pale var det fleire måsar som prøvde å forstyrre hoørna. Havørna er mindre manøvreringsdyktig og flyg litt saktare med fisk i klørne. Det gjer det nok lettare for måsane og andre fuglar å plage ho.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste fotoblogg.