Fotoglede med Olympus PEN-F(un)
Denne bloggen er todelt. Første del handlar om mitt nye kamera Olympus PEN-F, kjøpt brukt i mars. Andre del er fotografi i svart-kvitt i jpg-format rett ut frå kamera, med motiv frå Bergen, Leirvik og Utbjoa i Vindafjord.
Del 1: Olympus PEN-F og “The Consept of Fun”
Eit kamerasmykke kviler på den gamle kamferkista frå Taiwan, som nesten er like gammal som meg sjølv.
I 2016 lanserte Olympus det digitale PEN-F, med eit rangefinder-liknande retrodesign inspirert av 1960-talets originale Olympus PEN-F, produsert i perioden 1963-1966. Rollemodellen var eit speglreflekskamera med såkalla halv ramme (half-frame). Ein 36-bilder film vart da 72 bilder, ganske økonomisk da film var dyrt. Kameraet vart ein stor suksess i si tid.
Det er altså 10 år sidan dette smykket av eit kamera vart lansert. På mange måtar forut for si tid. Det er ikkje best på video, manglar 4K, og kontinuerleg fokus er heller treig. I si tid traff ikkje PEN-F marknaden i stor nok grad, og Olympus avslutta produksjonen i 2019. Eg var sjølv av dei som ikkje vurderte dette kameraet. Det hjalp heller ikkje at det var relativt dyrt ved lanseringa, rundt NOK 13.000,- for kamerahuset. Alle var likevel samstemte om at PEN-F er eit vakkert kamera, solid bygd metallhus og uvanleg godt skrudd saman. Faktisk er det ikkje mogleg å finne ein einaste skrue på kamerakroppen. Korleis ingeniørane hos Olympus har klart det er nesten ei gåte.
I dei seinare åra har det skjedd noko i marknaden. Mange har lenge etterspurt ein oppfølgjar, ein oppdatert versjon PEN-F II med dagens teknologi. Olympus svarte aldri ut det, og i 2021 overtok som kjent OM System for Olympus. OM System har mest hatt fokus på naturfotografi, men kom litt uventa i 2025 ut med OM-3, eit kamera med retrodesign inspirert av OM-1 lansert i 1972 og seinare OM-2. OM-2 kjøpte eg i Hong Kong som femtenåring i 1979. Eit fantastisk og klassisk kamera signert av Maitani i Olympus. Det skal ikkje så mykje til for min generasjon å bli trigga av retrodesign, men enn så lenge hamnar ikkje OM-3 i samlinga. Det gjorde derimot PEN-F i mars.
Kva er det som så gjer PEN-F så unikt, og korleis kan eit 10 år gamalt kamera halde seg 60-80 prosent av nypris i dagens bruktmarknad? Svaret er blant anna at folk no etterspør mindre og lettare kamera, og dagens unge generasjon er i ferd med å gjenoppdage kompaktkameraet. Kanskje som ein reaksjon på mobiltelefonens “uuthaldelege letthet”?
Det unike med PEN-F er det kreative hjulet på framsida av kameraet. Det har fire innstillingar - Color, Mono, Art og Creative. På PEN-F har kvar av desse tre førehandsinnstillingar - Mono Profile 1, Mono Profile 2 og Mono Profile 3. Tilsvarande for Color Profile 1, 2 og 3. Kameraet går da i JPEG-modus, og eit tips er å leggje inn RAW+JPG med RAW som backup.
OM-3 fekk det same kreative hjulet, men med litt utvida funksjonalitet, bl.a. fire farge- og monoprofilar. Det er inga andre kamera som har denne funksjonaliteten, og dette forklarer mykje av den stigande populariteten til PEN-F og at folk er villege til å betale ein solid bruktpris for det.
Fargesimulering av Kodachrome 25. I tillegg er det justert for høglys -2, skygge -5 og midttone +1.
For fargeprofilane kan ein justere 12 fargar, sjå figur som viser innstillingane som simulerer Kodachrome 25. I tillegg har eg lagt inn fargeprofilar for Fujicolor Velvia, Fujichrome Classic, og Kodachrome 64. Det er svært givande og artig å ta bilete som er ferdige i kameraet. Det blir nesten som å fotografere med analog film. Ein hovudeffekt for meg er at kameraet roer meg ned, og inviterer til saktefotografering. I gatefotografering legg folk og mindre merke til denne type kamerahus.
Innkjøpet av PEN-F har òg børsta støvet av mine “gamle” objektiv, 17mm f/1,8, 12 f/2 og 45mm f/1,8. Alle tre svært kompakte og skarpe objektiv som vart kjøpt inn da Olympus OM-D E-M5 vart lansert i 2012. Dei passar perfekt til PEN-F.
Mitt eksemplar av PEN-F kom i støkent stand, med berre 4000 eksponeringar, det ser rett og slett heilt nytt ut. I utgangspunktet hadde eg mest tenkt på kromversjonen, men den svarte versjonen tar seg svært godt ut og.
Eit fenomen blant fotografar er det emosjonelle forholdet ein får til kamerautstyret sitt. Det er viktig å ha eit kamera ein liker og trivst med, som ikkje motarbeidar ein verken design- eller bruksmessig. Det blir litt som å trivast i den nye jakka, eller dei nye skoa. Design og praktisk bruk er generelt viktige komponentar. Eit kamera må ikkje kome i vegen for den kreative prosessen som fotografering er, men vere nærast som ein forlenga del av ein sjølv. Ein må kjenne seg eitt med kameraet, på same måte som ein er eitt med ein kano eller kajakk i takt med bølgjene.
For PEN-F sin del, så kan eg etter nokre vekers bruk slå fast at det er lenge sidan eg har kost meg så mykje med eit kamera. Det er med meg nesten overalt, og har stimulert fotokreativiteten og fotolysten som aldri før. Kvifor har eg ikkje hatt PEN-F på radaren før?
Kva så med tittelen The Consept of Fun? Den er inspirert av ein Youtube-video av ein australier Marc MacMahon som samanliknar sin nyinnkjøpte Mini Morris med sitt Olympus PEN-F. Med god humor og gode poeng er den verdt å sjå.
For meg er Olympus PEN-F eit smykke, ein klassikar og eit kamera som får meg til å roe ned og tar meg tilbake til tida med analog film. Eg blir beint fram i godt humør av det. Det skal bli mykje fotoglede framover!
Fotografia i del 2 er tatt med Mono Profile 2, som simulerer den klassiske svart-kvit-filmen Kodak Tri-X. Alle foto er rett ut av kamera, ofte omtalt på utanlandsk som SOOC - Straight Out Of Camera.
Klikk på bilde for å fylle skjermen.
Del 2 - Utvalde fotoglimt frå Bergen, Leirvik og Utbjoa
1) Gatelangs i Bergen i litt over midt i mars
Det er ikkje så ofte eg er i Bergen lenger. Byen eg reknar som min heimby, oppvaksen på Sotra som eg er, og byen som var vertskap for mitt studentliv utover i mine blomstrande 20-år. Det gir difor alltid ei heimkjensle å strekke på beina i Bergen sentrum, og eg koser meg ekstra med å gå gatelangs og ta inn byen på nytt. Denne dagen var kosenivået ekstra høgt, med mitt nyerverva PEN-F i lag med 17mm f/1.8 og 12mm f/2.0 i skulderbagen. Skydekket hang lågt over byfjella og inviterte på alle måtar til litt stemningsfull fotografering i svart og kvitt.
Kan ikkje hugse sist eg gjekk inn i Paviljongen i Byparken. Utsikten mot praktbygget Telegrafen i bakgrunnen gjorde seg i svart-kvitt-stemning. Legg også merke til tohjulingen i venstre bildekant. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Utsikt frå Sjøfartsmonumentet på Torget. Eit av dei mest fottravle områda i byen. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Joggande og smilande personar foran Mathallen. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Turistar med kurs for Bryggen. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Sjarmerande lite hus i eit sjarmerande lite smau langs Lille Øvregate. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Bergensbanen går straks på skinner til Oslo. Olympus PEN-F, M.Zuiko 12mm f/2,0
Kaigaten og Bybanen på skinner. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Fugl og betong på kvar si side av Lille Lungegårdsvann. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Det er Tryg(t) å gå langs Lille Lungegårdsvann. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Fjellsida opp mot Fløyen bada seg litt i sola. Fløyen kan skimtast øvst i tåka. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
2) Stord 22. mars - Himmel og kyrkjeveg
Det tar meg om lag 25 minutt å gå heimefrå til Stord kyrkje, på andre sida av Leirvik. Denne søndagen var det fleire fotostopp med PEN-F`en undervegs, men eg rakk kyrkja!
Ved frukosten dukka det opp nokre spennande skyformasjonar drivande frå sør. PEN-F`en var ikkje langt unna, og eg fekk tatt nokre eksponeringar på terrassen. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Den svart og kvite veteranskipet MS Sunnhordland kler svart og kvitt veldig godt. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Admiralen på veg ut av Leirvik hamn, eller Vikafle på lokalspråket. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Stord kyrkje med kvitkledde Kvinnheradsfjell i bakgrunnen. Olympus PEN-F, M.Zuiko 45mm f/1,8
3) Påskedagar på Utbjoa, Vindafjord
Det er fleire gode fotostiar ved hytta på Bjoa. Ein populær og historisk interessant sti er Kulturstien, eller “runden” som vi seier. Kulturstien er om lag tre kilometer lang og tar deg forbi tre vikinggraver, eit par helleristingsfelt, skålgroper og eit båtstø etter vikingane bak nausta i bildet nedanfor. Det er fascinerande å tenke på og forestille seg korleis det såg ut her i vikingtida.
Den andre turen eg gjerne tar er inn til Stølen, eit avgrensa innmarksbeite omgitt av skog som har gitt oss mykje ved opp gjennom åra.
Naustmiljø på Utbjoa med profil Kodak Tri-X. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Same naustmiljø, men med profil Kodachrome 25, jpg ut av kamera. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Dei to furutrea har omfamna kvarandre på ein spesiell måte. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Langs Kulturstien passerer ein ei mosegrodd treklynge som strekk seg ut i fleire retningar. Eit opplagt fotomotiv eg har byrja stoppa opp ved og utforska med kameraet. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
For eit par år sidan vart denne (grøne) benken satt ut med midlar frå Vindafjord kommune. Utsikta er nordover mot Borgundøy. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
På veg inn til Stølen med utsikt mot snøkledde Gråhorga. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Eksperimentering med komposisjon av kvite bjørkestammer. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Bjoafjorden går kvit i nordvesten. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Gardsmiljø på Utbjoa. Vegen går ned til ferjekaien. Før Trekantsambandet var dette hovudfartsåra frå Stord og vidare til Ølensvåg og E134 over Haukelifjell. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Miljøfoto av den gamle låven. Olympus PEN-F, M.Zuiko 17mm f/1,8
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.