Fjøreplytt, tjeld, storskarv, havørn og musvåk
Her er ei litt forsinka oppsummering av resten av bildefangsten i påskeveka som gjeld fuglar. Det vart ikkje dei mange utfluktane med båten, men noko er det alltid å fange på kamerabrikken. Det er generelt bra med sjøfuglliv og anna fugleliv i området.
Alle foto med Olympus OM-1 og M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO.
Storskarv
På Longaskjeret rett utafor Utbjoa sit det ofte skarv. Dei er ganske så sky, men så lenge båten er i fart kan det vere dei held seg i ro. Desse to nedanfor poserte fint. Den eine skil seg og ut i fjørdrakta med kvite felt. Kva dette skuldast kan kanskje ein lesar kommentere i kommentarfeltet nederst?
To storskarvar med kvar sin personlegdom.
Tjeld og fjøreplyttar
Eg har fleire gonger sett og fotografert fjøreplyttar i dette området. Her sat dei og sov da ein tjeld fann det for godt å ta spaserturen gjennom flokken med fjøreplyttar. Dei spratt opp ein og ein, i respekt for den meir enn dobbelt så store tjelden. Det sat og eit tjeldpar ikkje langt unna, med ein passande fin grønfarge som bakgrunn.
Fine kontrastfargar med svart og kvit tjeld, raude nebb og grønt svaberg.
Havørn på Bjoalandet
I vinter og vår har det vore observert eit havørnpar som ofte viser seg på himmelen. Dei ser og ut til å ha funne seg ein kvileplass der dei ofte sit nesten på faste tidspunkt om morgonen og ettermiddagen. Det var desse eg mata på veg til påskeferien, sjå denne bloggen. Seinare i påska fekk eg gleda av å fotografere hannen igjen da han takka ja takk til eit nytt fiskemåltid. Det er alltid interessant og artig å bli kjent med nye havørner. Eit lønleg håp er at dette ørneparet slår seg til og byggjer reir i området.
Nedanfor er eit fotogalleri av dette foto- og fiskeopptaket.
Musvåk med kurtise
Medan eg observerte det nye havørnparet frå båten, såg eg brått eit par andre rovfugllignande siluettar på himmelen. Ein rask kikk med kikkerten slo fast at det var musvåken som viste seg igjen. Denne gongen var det to stykk som kurtiserte med store sirklar og innimellom hadde nærkontakt. Dei var relativt høgt oppe, og bileta nedanfor har derfor eit ganske kraftig utsnitt. Det viser likevel korleis hannen nærmar seg og hoa svarer med å vri seg i lufta med klørne ute. Dei forsvant etter kvart ut av syne. Dette var mitt andre møte med musvåk, noko som er ein fin variasjon til havørnene. Det hadde vore artig å funne eit musvåkreir.
Musvåk seriefoto 1
Musvåk seriefot 2
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor.