På ferieturen i Normandie i oktober, sjå utførleg reiseblogg med fleire fotoalbum her, var det eit delmål å få tatt nokre landskapsfoto. Dette var ein gruppetur, og derfor avgrensa med fototid på kvar lokasjon vi var innom. Her har eg likevel samla nokre av dei fotografia eg kan definere som meir reine landskapsfoto.
Kameraet eg hadde med meg var Olympus PEN-F. Det er eit 10 år gammalt kamera som har trigga min fotografiske kreativitet som inga andre kamera eg har hatt før. Her kan du lese om min første blogg med PEN-F, etter at eg kjøpte det i mars. Det kreative hjulet på framsida er ofte brukt. Der har eg lagra fleire fargeprofilar som Fujifilm Superia Premium 400, Kodachrome 25 og Kodachrome 64. Det som vart mykje brukt var monokrome-innstillinga, med bl.a. profil for Kodak Tri-X. PEN-F`en har verkeleg opna fotoaugene mine for svart-kvitt fotografering. I det heile var det ein fryd å ha med PEN-F på denne turen.
Ved Pointe de Hoc
Her retta eg kameraet vestover for å få med dei bratte klippene. Pointe de Hoc har si eiga krigshistorie frå D-dagen 6. juni 1944, med tyske kanonstillingar som kunne nå Utah Beach lenger vest og Omaha Beach i motsett retning.
Dette er ei RAW-fil som er konvertert til svart-kvitt i Lightroom.
Vestover frå Pointe du Hoc. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/500 s, f/4, ISO 200
Omaha Beach
På Omaha Beach fekk eg gå litt for meg sjølv på stranda. Det var fjøre sjø og eg kunne gå eit par hundre meter ut til sjøkanten, reflektere over alt som skjedde her på D-dagen, og prøve å finne nokre komposisjonar som kunne fange inn denne spesielle stranda.
Eg har tatt med tre foto frå stranda. Det første er av ein mann som står einsam ved strandkanten med ryggen til stranda og ser utover sjøen. Motivet er i kontrast til kaoset på invasjonsdagen og passa godt til slik eg opplevde stranda. Fargeversjonen er lagt ved for å vise korleis sanden tok seg ut.
Det andre fotografiet viser langsetter stranda mot aust og inkluderer landskapet bak stranda. Her er det også ein person som vandrar langs strandkanten. Stranda er elles tom, og eit par gutar leika med ein ball litt innafor der eg stod.
Det tredje fotografiet har litt meir djupne i seg med ei lita elv eller bekk som renn utover stranda.
Omaha Beach #1 - Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/3200 s, f/4, ISO 200
Omaha Beach #1b - Fargevariant av #1. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/3200 s, f/4, ISO 200
Omaha Beach #2 - Olympus PEN-F, m.Zuiko 12mm f/2 - 1/1600 s, f/4,5, ISO 200
Omaha Beach #3 - Ein liten bekk renn over stranda. Olympus PEN-F, m.Zuiko 12mm f/2 - 1/1600 s, f/4, ISO 200
La Cambe, tysk gravplass
Den tyske gravplassen i La Cambe gjorde inntrykk med sitt dempa uttrykk. Lyset og den spesielle stemninga på gravlunden inviterte til å vri over til monokrome på det kreative hjulet til PEN-F. Dette svart-kvitt biletet er ikkje eit klassisk landskapsbilete. Eg tar det likevel med på bakgrunn av krigshistoria frå 2. verdskrig som er så sterkt tilstades i Normandie. Her er lys, vegetasjon og over 21.000 graver som for meg utgjer eit sterk landskapsbilete å ta med seg frå turen.
Den tyske gravplassen ved La Cambe. Her er over 21.000 graver. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/320 s, f/4, ISO 200
Mont-Saint-Michel
Mont-Saint-Michel er eit av dei mest kjente landemerka i Frankrike. Lokalt går diskusjonen, eller kanskje krangelen, om øya høyrer til Normandie eller Bretagne. Den diskusjonen lar eg liggje her.
Igjen var det å gjere det beste ut av fotograferinga, og finne tidsvindu og landskapsopningar eg kunne utnytte. Ei utfordring på slike turistplassar og gjennomfotograferte motiv er å finne sitt eige uttrykk og kanskje ein variasjon. Lysforholda avgjer mykje av den utfordringa. Denne dagen var det grått og regntungt, men heldigvis opplett da vi kom fram til øya.
Det første biletet nedanfor er kanskje det eg er mest fornøgd med. Det er tatt med 40-150mm frå busskøen til shuttlebussen som tok oss over brua til øya. Det grå skydekket bidrog til eit flatt, men jamnt lys over hovudmotivet. I svart-kvitt og med fugleflokken som brått viste seg, vart dette ein motivvariasjon som kanskje skil seg ut frå mengda. Det var litt regndrypp i busskøen, og biletet er derfor tatt under ein paraply.
Stemningsbilete med Mont-Saint-Michel i gråvèr. Kunne ikkje bli noko anna enn svart-kvitt her. Olympus PEN-F, m.Zuiko 40-150mm f/4-5,6 - 1/125s, f/5,6, ISO 200, 128mm
Dei to neste bileta er det klassiske turistmotivet av Mont-Saint-Michel i svart-kvitt og farge. Her har eg nett gått av shuttlebussen med eit lite stykke av brua igjen å gå over til øya. For komposisjonen her prioriterte eg å ikkje få med brua. Sjølve øya er derfor plassert heilt i venste side. Dette opna opp for meir luft og djupne i høgre del. I redigeringa i Lightroom har eg mørkna himmelen som ein slags vignett for å framheve sjølve øya.
Eg har lagt ut både svart-kvitt- og fargeversjon, og er sanneleg ikkje sikker på kven av dei eg liker best.
Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/200 s, f/4, ISO 200
Fargevariant av bildet over. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/200 s, f/4, ISO 200
Til slutt eit par utsiktsbilete frå den store terrassen til klosteret, heilt til venstre på biletet over. Elvedeltaet spelte opp med fantastiske linjer, og eg måtte berre la den flinke guiden halde på utan meg nett der. Dette lyset og desse mønstra måtte utnyttast, og eg skulle gjerne hatt meir enn dei maks ti minutta eg fekk her før gruppa måtte vidare inn i klosteret.
Utsikt over elvedeltaet frå klosteret på Mont-Saint-Michel. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/500 s, f/4, ISO 200
Sånn såg elvedeltaet ut i farger. Det var ein perfekt grå dag for dette motivet. Olympus PEN-F, m.Zuiko 17mm f/1,8 - 1/400 s, f/4, ISO 200
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne inn ein kommentar nedanfor - spørsmål, eller synspunkt.