Normandie: D-dag og vikinghistorie

Med Vitus Reiser til Normandie 1.-8. oktober 2026

Endeleg kom eg til Normandie! I sommar meldte vi oss på vår første gruppereise i regi av Vitus Reiser. Eg har i mange år hatt eit mål om å oppleve Normandie med spesiell interesse for D-dagen 6. juni 1944. Turprogrammet til Vitus Reiser passa derfor bra med både viking- og krigsrelaterte tema. Stoppestader undervegs var i hovudsak Rouen (tre netter), Honfleur, Caen (fire netter), Bayeux, Mont-Saint-Michel og invasjonsstrendene med Omaha Beach, Pegasus Bridge, Pointe du Hoc og amerikanske, tyske og britiske (samvelde) gravlunder. Sjå gjerne programmet på heimesidene til Vitus Reiser.

Det blir ein svært lang blogg om eg skal skrive detaljert frå kvar plass. I staden for skriv eg litt om kvar plass, og lenker til andre informasjonssider på nettet. Til kvar plass er det eit fotoalbum med undertekst på dei fleste bileta. Klikk på eit bilete for å forstørre. Best bildevising er på dataskjerm eller liknande.

Dette er primært ein fotoblogg, og i forkant av turen var det å tenke gjennom kva for fotoutstyr eg ville ha med. Valet fall på Olympus PEN-F, som eg kjøpte brukt i vår, med 17mm f/1,8, 12mm f/2, 45mm f/1,8 og det lette og kompakte 40-150mm f/4-5,6 R. Prioriteringa vart altså å reise med så lett og lite kamerautstyr som mogleg. PEN-F-kameraet fekk og sin elddåp som reisekamera på denne type tur. Det fungerte heilt utmerka, og eg angrar ikkje på at OM-1`en var liggjande heime. Sånn sett skulle eg gjerne hatt PEN-F med til Roma (blogginnlegg her) i fjor haust. Det var i hovudsak 17mm som vart brukt, med 12mm innimellom. 45mm og 40-150mm vart berre brukt ved to høve, men likevel glad for at dei vart med i fotobagen. Det er og nokre mobilfoto innimellom.

Rouen (kart)

Rouen var første hovudbase på turen, med tre hotellovernattingar. Første dagen gjekk med til omvising i sentrum av lokal guide Alexandre. Han var ein flink guide med glimt i auget og god forteljarevne. I si framtoning ein svært så typisk franskmann. Rouen er ein by på om lag 100 000 innbyggjarar og var under hundreårskrigen melllom England og Frankrike på 13-1400-talet likestilt hovudstad med London i England. Rouen var og plassen Gange-Rolf slo seg ned på 900-talet og la grunnlaget for dagens Normandie, som kjem av “normannerne”, dvs herkomst av norske og danske vikingar. I Frankrike er Rollon namnet på Gange-Rolf , og vi var innom ein statue av denne vikingkjempen. Rouen er og kjent for plassen der Jean de`Arc vart brent på bålet 30. mai 1431.

Under 2. verdskrig vart spesielt industriområdet på austsida av Seinen bomba, medan gamlebyen i hovudsak er intakt. Det var veldig fint å rusle i dette området med smale og svingete gatar og med den enorme kateddralen Notre Dame de Rouen. Denne katedralen har det høgaste spiret i Frankrike, og var under oppussing da vi var der.

Honfleur (kart)

På dag to gjekk bussturen til kystlandsbyen Honfleur. Den ligg ved utløpet til Seinen, med Le Havre på nordsida av elva. Honfleur er mellom anna kjent som improvisasjonens vugge, der mellom anna Monet virka med lerret og pensel. Denne dagen var det marknad i byen, og vi fekk smake litt på folkelivet, gå innom ei karakteristisk trekyrkje i sentrum og ete ein god pannekakelunsj.

Memorial de Caen (kart)

Dag tre var avreisedag vestover til Caen. Nordvest for sentrum ligg eit stort historisk museum dedikert 2. verdskrig generelt og D-dagen spesielt. Museet vart opna i 1988 av president François Mitterrand. Norge er representert med flagg, sitat av kong Haakon VII og minnestein. Undervegs på turen gjorde det inntrykk av å sjå det norske flagget tilstades på mange minnestader etter D-dagen.

Caen (kart)

Caen har om lag 120.000 innbyggjarar, og vart hardt ramma i kjølvatnet av D-dagen. Byen var eit viktig knutepunkt og mål for dei allierte etter D-dagen 6. juni 1944. Om lag 35 prosent av byen vart bomba, inkludert heile gamlebyen. Caen framstår derfor som meir moderne enn Rouen. Eit landemerke i sentrum er borgen til Vilhelm Erobraren med historie tilbake til 900-talet.

Nedanfor er nokre byglimt.

Pegasus Brigde (kart)

Ved midnatt 6. juni 1944 landa åtte britiske glidefly like ved Pegasus Bridge for å sikre at denne og Horse Bridge litt lenger aust over elva Orne ikkje vart øydelagt av tyskarane i kjølvatnet av D-dagen. Aksjonen vart leia av major John Howard som med 6th Airborne division klart å erobre og halde begge bruene opne og intakte til allierte forsterkingar kom seinare. Namnet Pegasus Bridge kjem av emblemet til British Airborne Forces. Den originale brukonstruksjonen vart bytta ut i 1994, men liknar den originale.

Søk gjerne på nettet for meir detaljert historikk kring denne krigshistoria, bl.a artikkel i Wikipedia.

La Cambe tysk gravlund (kart)

Frå Pegasus Bridge gjekk turen vidare til den største tyske gravlund i Normandie etter 2. verdskrig. Ved La Cambe kviler 21.222 tyske soldatar, inkludert ein massegrav under haugen med korset i midten av gravlunden.

Gravplassen gjorde inntrykk med sitt dempa og enkle preg med gravstøtter som liggjande mørke steinar. Gravlunden inviterer til refleksjon og ettertanke, ikkje minst på dei unge tyske soldatane som vart sendt til fronten. Dette er ein plass der ein gjerne treng tid for å la omfanget og det historiske alvoret synke inn.

I følgje Wikipeida er dette dei andre tyske gravlundene i Normandie.

  • Champigny-St. André (19,836)

  • Mont-de-Huisnes (11,956)

  • Marigny (11,169)

  • Orglandes (10,152)

  • St. Désir-de-Lisieux (3,735)

Pointe du Hoc (kart)

Frå La Cambe gjekk turen rett nordover til Pointe du Hoc. Denne pynten ligg strategisk til mellom Utah Beach i vest og Omaha Beach i aust. Her hadde tyskarane kanonar som kunne nå begge strendene. Det var difor viktig for dei allierte å slå ut desse kanonane før invasjonsstyrkane nådde invasjonsstrendene. Dette vart jobben for ein amerikansk styrke som tidleg om morgonen 6. juni kjempa seg opp ein 30-40 meter vertikal bergvegg, under eld frå tyske styrkar. Amerikanarane klarte å innta stillinga, men oppdaga at tyskarane alt hadde flytta kanonane lenger inn og difor ikkje utgjorde ein trussel lenger.

I dette området er det svært tydelege spor etter intens bombing med store synlege krater i bakken. Les meir om Pointe du Hoc i Wikipedia.

Omaha Beach (kart)

Eit hovudmål for meg har lenge vore å kome til Omaha Beach. Det var difor med ei litt spesiell kjensle eg endeleg kom til denne kjente krigshistoriske plassen og kunne vandre langt utover på fjøre sjø. Det er ein svært spesiell stad, og igjen spesielt å sjå det norske flagget vaie i kystvinden. På D-dagen deltok 10 norske marineskip, 43 handelsskip, to jagarskvadronar og rundt 1000 nordmenn. 51 nordmenn omkom i løpet av invasjonen.

Omaha Beach er så kjent at eg ikkje skriv meir om historia her. Sjå mellom anna opningsscena i Spielberg-filmen Redd menig Ryen, der du er med i eitt av landgangsfartøya og nedslaktinga frå dei tyske maskingeværa i forsvarsstillingane over stranda.

Den amerikanske gravlunden (kart)

Etter lunsj og strandvandring på Omaha Beach gjekk turen til den kjente amerikanske gravlunden (les meir), nokre kilometer lengre aust på Omaha Beach. Her kviler 9389 soldatar. Det var ikkje uventa mange amerikanske røyster å høyre her. Så har denne gravlunden rundt ein million besøkande i året. Ein kunne og leggje merke til kontrasten i utforminga av gravplassen sett i forhold til den tyske i La Cambe.

Avslutningscena i filmen Redd menig Ryan vart filma på denne gravlunden, som den einaste filmproduksjon som har fått løyve til det.

Bayeux (kart)

Dag seks hadde ein variert dagsmeny. Byen Bayeux ligg vest for Caen, og vart spart for bombing og øydelegging før og etter D-dagen. Dette skuldast at tyske troppar i byen vart relokert til forsvaret av den meir strategisk viktige Caen. Ein flott katedral, Notre Dame de Bayeux, ruver over byen.

Bayeux er kanskje mest kjent for Bayeux-teppet (les meir). Det er eit 70 meter langt brodert teppe frå middelalderen, sannsynlegvis brodert i England. På grunn av oppussing av bygget det er utstilt i, så er teppet i England fram til 2027. Vi fekk difor dessverre ikkje sett det.

Calvados-destilleri i Les Vergers de Ducy (kart)

På veg til Bayeux var vi innom ein produsent av calvados (eplebrennevin) og sider. Her vekk vi omvising og prøvesmaking. Eit hyggeleg besøk ute på landsbygda.

Britisk gravlund (kart)

Etter ein kort lunsj gjekk nokre av oss til den britiske gravlunden utafor sentrum. Den gjorde på mange måtar meir inntrykk enn dei to andre gravlundene vi var innom. Blant anna var det meir personleg informasjon på gravstøttene. Her ligg om lag 4100 gravlagt frå det britiske samveldet. I tillegg er det 500 graver frå andre nasjonar, inkludert Tyskland. Det er og ein minneplate for over 1800 som ikkje har eigen grav.

Minneplass løytnant Johannes Helland (kart)

På tilbaketuren til Caen to guiden vår, Inger Marie, oss med til ein norsk minneplate etter løytnant Johannes Helland frå Bergen. Han var flygar og den første nordmannen som landa på fransk jord etter D-dagen. Det er ei dramatisk historie som følgjer Helland. Han vart seinare skoten ned, og hoppa ut i fallskjerm som hang seg fast i flyet. Han klarte på mirakulaust vis å få fallskjermen laus og landa trygt, men vart tatt til fange av tyskarane og sat i fangenskap ut krigen. Det høyrer med til historia at Helland var pilot i SAS i 30 år og flaug bl.a. Boing 747 Jumbojet på New York.

Ei minneplate vart avduka av kong Harald i 2014. Igjen gjer det inntrykk å sjå det norske flagget på ein sånn minneplass etter 2. verdskrig. Gatene i dette relativt nye byggefeltet heiter Rue de Novege, Rue de Oslo og Rue de Narvik. Nettavisen har ei utfyllande og interessant reportasje om Helland si historie og avdukinga i 2024, les her.

Ikkje langt frå denne plassen er eit anna minnesmerke, ein bauta, over den norske krigsinnsatsen, sjå kart her.

‍ ‍Mont-Saint-Michel (kart)

Mont-Saint-Michel er eitt av dei mest kjente landemerka i Frankrike, og stod på programmet nest siste dagen. Denne dagen var og den einaste med regnvèr, men vi var heldige og slapp unna med opplett medan vi var der. Det går no veg ut til øya. Vi tok ein shuttlebuss, men ein kan og gå til fots, ein gåtur på om lag 35 minutt.

Vi hadde ei god omvising og lærte mykje om historia, bla. at engelskmennene ikkje klarte å erobre øya under hundreårskrigen med Frankrike. I så måte er det interessant å lese om Guernsey og Jersey som ligg eit stykke lenger ute i Den engelske kanal, men likevel tett på franskekysten. Lokalt er det diskusjon om korvidt øya høyrer til Bretagne, eller Normandie, sidan elva som skil desse to regionane renn ut til øya. I dag er det 11 fastbuande på øya.

Med ein regntung og grå dag vart fotograferinga konsentrert meir om svart-kvitt og elvedeltaet som baud på interessante motiv og former. På den store terassen med utsikt over elvedeltaet måtte eg sleppe guiden nokre minutt og la PEN-F`en hauste inn nye landskapsmotiv.

Takk for at du leste denne reisebloggen! Legg gjerne att ein kommentar nedanfor.

Neste
Neste

Havørnliv i slutten av august