Havørntur med inntrengar 3. mai 2026

Langhelga 30. april til 3. mai produserte tre fotobloggar. Dette er blogg nummer tre frå søndag 3. mai, ein solfylt dag med fine forhold på fjorden i Sunnhordland. Eg hadde først ein fiskestopp for å supplere fiskekassen med så mange som mogleg av paler og lyr. Når ørneungane ute av egga er foreldra travelt opptekne med å finne mat. Med mange potensielle kast denne dagen var det derfor llitt småkritisk stemning i båten da dei tre første fiskane eg drog opp var godt over tre kilo stykket, altså for store for havørnene å løfte opp frå sjøen. Erfaringsmessig har dei ei løftegrense på rundt 2,5 kilo. Det gjekk seg likevel til med mindre fisk, og eg kunne setje kursen mot våre havørnvener.

Hos Gyda og Tor observerte eg berre Gyda liggjande på reiret. Tor var ikkje å sjå, men eg heiv likevel uti ein fisk da han kan kome frå ein plass ute av syne for meg. Det vart ingen respons, verken frå Gyda i reiret, eller Tor som nok hadde seg ein føremiddagstur.

Kursen vart så satt mot Gunda og Otto, og her gjekk det unna. Eg hadde ikkje før landa båten, før begge to var på vengene mot meg og sirkla over båten. Eg vart tatt litt på senga, men hadde kameraet klart og fekk kasta ut den første som Otto henta opp. Gunda var framleis i lufta, og eg heiv raskt uti ein fisk til. Den henta ho elegant opp og sette kurset mot reiret. Så gjekk det nokre minutt, før begge to samstundes kom rett mot båten igjen. Dei har tidlegare som oftast mellomlanda i eit tre og venta på neste kast. At begge to kom samstundes rett frå reiret var nytt, og veldig artig. Det gjentok seg eit par gonger til. Dei var og etter meg da eg manøvrerte båten mot ein fiskeplass litt ute av syne for dei. Det gjer noko med ein sjølv og naturopplevinga når to havørner er så kjent med deg at dei følgjer etter for å sjekke kor eg forsvann.

På det siste kastet sat begge to i nærleiken av kvarandre, men utan å reagere. Da oppdaga eg ei ungørn som kom flygande sørfrå bak meg. Dette hadde nok Gunda og Otto sett lenge før meg. Ungørna hadde retning med linje nesten rett over reiret. Gunda skreik til, letta og flaug etter inntrengaren. Otto følgde etter, og inntrengaren trekte seg unna. Etter det gjekk det ei stund før dei plukka opp den siste fisken. Å vere vitne til ein inntrengarseanse var ei ny oppleving, og stadfestar igjen at ingen havørnturar er like. Kvar tur lever sitt liv og trimmar både foto- og sanseapparatet på ein svært så positiv måte.

Gunda og Otto henta til slutt seks fiskar opp i reiret, og ga fotografen ei ny flott naturoppleving. Det er alltid givande for sjel og sinn å kome så nært på vår største rovfugl, majestetisk og imponerande som den er. Det er ein uvurderleg bonus som fotohobbyen gir.

Nedanfor er nokre fotoglimt av ulike fiskeopptak, samt når inntrengaren kom for nære reiret.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Trykk på bilete for å forstørre til heile skjermen. Som vanleg best å sjå på dataskjerm.

Otto i sitt første fiskeopptak.

Ein topp konsentrert Otto ser målet duppe i sjøen foran seg.

Perfekt presisjonsflyging igjen for fiskeproffen Otto.

Otto blir ikkje unødig våt på beina!

Med palen halvvegs opp frå sjøen er dette eit av dei betre fiskeopptaksbileta eg har tatt.

Otto i sitt andre fiskeopptak, her fyller han kamerasøkaren godt.

Gunda på sin andre fisketur.

Trygg og god fangst for Gunda.

Etter tre rundar direkte frå reir til båten, satte Otto seg i tretoppen for å vente på neste fisketilbod.

Stilstudium av Otto med klørne strekt fram og opna. Fisken duppar i vasskorpa.

Det er ikkje mange centimeter ned i sjøen Otto treng for å feste klørne.

Med 25 b/s kan ein få med seg detaljar i fiskeopptaket. Dette bildet har eg ikkje så mange av der fisken er på veg opp av sjøen på denne måten.

Otto er ein grasiøs og seriøs fiskar.

Ein inntrengar blir jaga vekk

Som det vart skreve om i innleiinga til bloggen, så måtte Gunda og Otto jage vekk det som vart oppfatta som ein inntrengar. Dette var ei ungørn, som kanskje ikkje heilt hadde orientert seg i det lokale territorielandskapet til havørnene.

Gunda gir gass med klare lydmeldingar om å halde seg unna.

Ungørna fortset vidare nordover. Gunda (til venstre) og Otto returnerer til reirområdet.

Etter hendinga med inntrengaren sat Gunda (øvst) og Otto ei god stund i nærleiken av reiret.

Her ser Otto nesten litt liten ut, i ein litt original fotovinkel.

Fiskedansen til Otto er ein klassiker.

Så henta han til slutt opp den sjette og siste fisken. Bileta nedanfor viser resten av denne fotoserien. Her var han så nærme at 300mm vart i kraftigaste laget. Det kan likevel bli fine fotoutsnitt utan at heile ørna treng å vere innafor bilderamma.

Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar i kommentarfeltet nedanfor.

Forrige
Forrige

Gledeleg nærmøte med havørna Ottar

Neste
Neste

Merkedagen for havørn 1. mai 2026