Merkedagen for havørn 1. mai 2026

For havørnprosjektet mitt er 1. mai alltid ein merkedag. I år er det fire år sidan eg kom i gang med havørnprosjektet og det første havørntreffet 1. mai 2022. Det var ei stor oppleving og godt arkivert i mi personlege historiebok. I desse fire åra har havørnprosjektet gitt meg og andre fotofrender mange gode natur- og fotostunder.

Det kan fort bli mange av dei same fotomotiva, og ein kan spørje seg om det etter fleire enn 100 turar kan bli litt kjedeleg. Det er det definitivt ikkje! Hovudingrediensen er natur og naturopplevingar, der havørnene er hovudkrydderet, i tillegg til andre fuglar og (rå)dyr som måtte dukke opp. Det er aldri ein havørnsafari som er lik, og noko av det mest spennande og artige er å finne nye havørnpar. Det har eg gjort fleire gonger, og det er like gøy kvar gong. Eit mål har vore å bli så kjent med havørnpar, at dei kjenner att båten og kva den kan tilby av matauk. Det har gått over all forventning, og enkelte havørner kjem ofte flygande ut når båten nærmar seg for å sjekke fiskekassa og vise at dei er klar. Særleg gjeld dette når ungane er ute av egget og det trengs mykje mat. Her har forresten Gunda og Otto rekorden, da dei i pinsen i fjor henta heile 19 fiskar opp i reiret.

Så er det sjølvsagt fotointeressa som er hovuddrivkrafta med jakten på dei gode bileta og gjerne eit blinkskot som er verdig ein plass i galleriet.

Denne dagen vart det to havørnstopp. Det første var det nye havørnparet i nærleiken av hytta. Dei var på plass da eg tok båten ut ein føremiddag, og eg fekk eit miljøbilete på land og ein liten fotoserie i lufta. Dei var mest opptekne av kvarandre og ville denne gongen ikkje hente opp to fiskar eg tilbaud.

Alle foto med Olympus OM-1 og M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO.

Det tok ei veke før eg oppdaga at hoørna sat under i skuggen!

Fotoserien nedanfor viser dei to nye havørnene som sirkla i lag, og der ingen var interessert i fisk. Her såg eg at dei ville krysse luftsporet og eg fekk ein fotoserie eg ikkje har fanga før. Hannen er lengre unna og derfor ikkje heilt skarp. Trykk på bilde for å forstørre og klikke gjennom serien.

Hos Gyda og Tor

På veg til Gyda og Tor måtte eg stoppe og fylle fiskekassa. Dei tre første som kom opp var på mellom tre og fire kilo. Ein nedtur, da dei er for store for havørna. Ein klassisk replikk i båten er “…denne kjennest for stor…”. Etter kvart fekk eg fleire med rett vekt og kursen vart satt mot Gyda og Tor. Der låg Gyda på reiret med Tor i eit tre like ved. Da den første fisken gjekk i sjøen var Tor i lufta, men han ignorerte den og sette seg eit stykke unna. Da ga Gyda klar melding, letta og henta fisken sjølv opp i reiret. Det blir spennande å sjå om dei for tredje året på rad klarer å få fram to ungar. Inntil vidare er dei for små til å bli sett frå sjøen.

Gyda tok fiskesaka i eigne klør, da Tor svikta oppdraget sitt.

Gyda er ei flott havørn!

Fint fargesamspel mellom havørna i forgrunnen og svaberget i bakgrunnen. Fotografisk gjer denne lokaliteten gode variasjonar lys- og fargemessig.

Tor viste seg på nytt og sette seg i furutoppen.

Da den andre fisken gjekk i sjøen var Tor klar og eg fekk ein litt sjeldan god fotoserie med alle bileta skarpe. Klikk på det første bildet for bildevisning på full skjerm.

Stilstudium av Tor sitt fiskeopptak. At hannane ofte er lysare i brystregionen stemmer godt på Tor.

Det er litt typisk Tor å ta fisken til seg sjølv. Her er eit miljøfoto der han sette seg på land.

På fiskekast nummer tre var Tor igjen klar og eg fekk ei ny fin fotoserie. Kjekt å konstatere at autofokusen på kameraet spelte på lag i heile opptaket igjen. Denne fisken leverte han opp i reiret der Gyda tok imot fangsten.

Ei ungørn, kanskje ei av fjoråsungane, dukka brått opp. Gyda strekte hals i reiret og varsla med høge ørneskrik. Ungørna sirkla lenge i området, og eg kasta etter kvart ut ein fisk. Den gjorde tilsynelatande seg klar til å gå ned, blant anna med senka bein litt høgt oppe. Så trakk han seg og forsvant etter kvart.

Ein måse var konstant i mobbehumør.

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne att ein kommentar nedanfor. I neste havørnblogg frå søndagen same helg rapporterer frå spennande fotomøte Gunda og Otto.

Neste
Neste

Havørntur 30. april 2026