Gledeleg nærmøte med havørna Ottar

På sjølvaste nasjonaldagen 17. mai svinga eg innom havørnparet Gudrun og Ottar, for første gong i år. Eg vart kjent med desse to 2. pinsedag for tre år sidan. Da hadde dei unge i reiret, men dei to siste åra har dei ikkje fått fram ungar. I pinsen i fjor observerte vi og litt underleg adferd av Gudrun. Eg var derfor spent på kva som ville møte meg, ein litt tidleg kveld i 18-19-tida. Vinden hadde roa seg til blank fjord. Sola var på veg ned i nordvest, delvis bak eit grått skylag som kom drivande inn frå sør. Sollyset braut gjennom akkurat da eg nærma meg og kasta sitt varme lys på eit vakkert havørnpar i full hekkemodus.

Eg kunne raskt observere at Gudrun låg på reiret, eit godt teikn. Ottar var ikkje å sjå, men eg gjorde meg likevel klar til å hive ut ein fisk. Fiskekassen var godt fylt opp med rundt åtte paler og lyr. Torsken gjekk til svigermor. Otto, som eg var innom først, gadd såvidt å hente opp ein lyr.

I det delvise motlyset såg eg opp mot land. Der hang plutseleg Ottar med vingane rett ut, kanskje berre 20 meter frå båten. Han har kjent att båten, og ikkje klart å vente lenger. Har du fisk til meg, var det nesten som han signaliserte med heile kroppspråket. Han sirkla litt over båten, og på veg inn mot land fekk eg kasta ut den første fisken. Kameraet var såvidt gjort klart, og her gjekk det fort. Han snudde sporenstreks i lufta og kom full fart tilbake, godt innafor rekkevidden til 300mm min.

Ottar frakta fisken inn til lands, tok ein liten pause før han letta og frakta den opp i reiret. Frå reiret kunne eg høyre høge ørneskrik, eit sikkert teikn på at i alle fall ein unge held på å vekse til. Det var ei utruleg fin oppleving å sjå at det her var liv i hekkinga att. Utan at eg fekk sjå Gudrun på nært hald, så reknar eg med at det var ho som sat der.

Ottar sette seg i ein furutopp igjen, tydeleg interessert i ein fisk til. Eg manøvrerte båten opp mot vinden igjen. Over styrehustaket ser eg at Ottar lettar, lenge før eg har kasta ut ny fisk. Typisk Ottar! Det var berre å hive ein ny pale så fort som mogleg uti igjen. Ottar strauk forbi båten i full medvindsfart, stupte ned og henta fisk nummer to, steig opp i ein kort bue og strauk tilbake enda nærare båten. Kamerasøkaren fylte seg opp med ein havørnkropp eg knapt klarte å halde fokus på. Det var nesten som eg kunne ta på han der han fòr forbi.

Ottar er ein svært tillitsfull havørn, og tolererer at eg kan kome ganske nærme. Han satt lenge og åt litt på palen, før han letta og forsvann ut av syne.

Det kan bli mange like bilete frå havørturane. Denne gongen kom Ottar så nærme at eg har tatt nokre tettare utsnitt enn det elles er fototeknisk rom for. Det gjer noko med ein med ein sånn nærkontakt med ei havørn, fantastiske rovfuglar som dei er. I fjor fekk eg gjort ei aldersbestemming av Ottar, av landets kanskje største kapasitet på havørner, Alv Ottar Folkestad. I juni 2023 henta Ottar heile 10 fiskar til reiret, i eit rasande tempo,

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4. Sjekk gjerne ut min guide til havørnfotografering.

Ottar strekk seg ut etter den første fisken, tett på kameraet.

Årets første sjøstøtte nedslag for Ottar med nyfanga fisk frå båten.

Dette er eit orginalt utsnitt. Det er moro når havørna kjem så nærme. Det skaper nye variasjonar i fotograferinga.

Eit nærare portrett av vår gode ven, Ottar.

Eit enno nærare portrett av Ottar. Han er absolutt ein av mine favorittar.

Ottar lettar etter ein liten kvilepause.

Palen heng i venstre klo, men Ottar frakta den fint opp til reiret. Sjølve landinga i reiret vart fotografert, men blir ikkje publisert på denne bloggen.

Otta med sine imponerande klør i fiskeopptak nummer to. Dette er nesten det originale utsnittet, så det var berre å fyre laus med kameraet med 25 b/s og håpe det beste.

I det originale biletet fyller Ottar akkurat heile søkaren. Her har eg tatt eit 16:9-utsnitt for å kome tettare på.

I oppstigingsfasen kom Ottar heilt ut i høgre bildekant. Her har eg klippa eit nytt 16:9-utsnitt. Det er ikkje alltid heile fuglen treng å vere med for å kunne få fram eit brukandes bilete.

Ottar med sin andre fisk. Det er tydeleg at dette er eteplassen hans. Legg merke til skjorefjøra som ligg i lyngen. Det er ein grunn til at kråker, måser, skjor og tjeld er etter havørna.

Det er nett som Ottar sender eit blikk om at det var på tide du kom med litt mat til oss og!

Takk for at du leste bloggen. Korleis opplevde du gjensynet med Ottar? Kommenter gjerne nedanfor.

Forrige
Forrige

Det første møtet med havørna Ottar - 29. mai 2023

Neste
Neste

Havørntur med inntrengar 3. mai 2026