Det første møtet med havørna Ottar - 29. mai 2023

Dette er ein svært så forsinka rapport frå mitt første møte med Ottar 29. mai 2023, altså nesten nøyaktig tre år sidan. Eg oppdaga denne glippen da eg skreiv den siste bloggen om treffet mitt med Ottar 17. mai i år. Da var det å sjekke arkivet, og der fann eg ferdig redigerte bilete av Ottar, men som ikkje var kome vidare til publisering.

Historia er som følgjer. Eg hadde fått eit tips frå ein kollega om havørner som heldt til i nærleiken av hytta deira. 2. pinsedag 2023 tok eg derfor båten ut for å sjekke dette området. Det var ein vindstille dag, med lågt skydekke og regnbyger. Eg fann fram til det sannsynlege området for å sjå om det var noko havørnaktivitet der. Etter ei stund i ro kom det plutseleg ei havørn til syne og henta opp noko fiskeavfall frå ein annan fritidsbåt like ved. Den flaug tilbake rundt eit nes, og eg sette fart etter den. Da var den ute av syne, men etter ei stund dukka den opp over nokre tretoppar litt inne på land og sette seg til å vente i eit tre nærare sjøen. Da eg heiv uti ein fisk var den ikkje sein om å hente den, og eg fekk tatt den første fotoserien av havørna som seinare fekk namnet Ottar. Maken Gudrun var ikkje å sjå, da dette reiret i 2023 var ute av syne frå sjøen. Ho sat nok der og tok imot fisken. Det er helst hoørnene som står for matinga.

Eg observerte først det eg trudde var reiret, synleg frå sjøen. Når Ottar flaug vidare innover land og landa bak ei trerekke, så måtte eg forkaste den reirteorien. Det er likevel dette reiret som vart tatt i bruk i 2024, og seinare i 2025 og 2026.

Det å finne nye havørnpar med reir er nokre av dei artigaste naturopplevingane eg har med havørnprosjektet. Det var difor med eit stor smil eg sette kursen heimover med eit nytt havørnområde festa på kartet. Gudrun og Ottar har vi seinare hatt mykje glede av, sjølv om dei ikkje hekka i 2024 og 2025. I 2026 ser det heldigvis ut til å ha snudd.

Kamerautstyr: Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO

Neste
Neste

Gledeleg nærmøte med havørna Ottar