Fototur med havørnekspressen midt i juni
Søndag 14. juni vart det igjen kasta loss frå båthamna på Stord, med Magne og Tore som fotokollegaer. Ikkje verst å få to søndagar på rad med fint vèr på fjorden. Denne turen vart planlagt og gjennomført ein del kortare enn maratondagen helga før. Hovudmålet var å svinge innom Adam og Eva. Dei var dessverre ikkje å sjå, men vi satsar på at det var tilfeldig og at nye treff kjem seinare i sommar. I staden for vart det påfyll av fisk i reira til Gyda/Tor og Gunda/Otto. Sistnemnde har framleis inga hemningar med å fylle reiret med fisk. Gyda og Tor var nøgde med å hente opp ein fisk som Tor leverte i reiret. Så satte dei seg i kvart sitt tre og ignorerte oss.
Hos Gunda og Otto gjekk det ikkje lang tid før dei viste seg. Som sist kom dei gjerne samstundes. Eit særtrekk for dette paret er at hoa Gunda er minst like aktiv som Otto til å hente fisk.
Nedanfor er nokre utvalde bilete som skildrar dagen slik den bar seg fram på føremiddagen.
Alle foto som vanleg med Olympus OM-1 og M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO, stort sett innstilt på 1/3200s.
Det blir ikkje betre enn dette på fjorden!
Tore og Magne er gode fotokameratar og fiskarar. Her har Tore fisk på kroken!
Hos Gyda og Tor
Gyda trakk seg i sitt forsøk, av uviss grunn. Her stoppar ho opp og flyg tilbake til land.
Så var begge to i lufta, og artig å fange dei i lufta på same bilete. Tor under til venstre.
Sjøstøtt og solid fisking av Tor.
Tor satt seg i ein furutopp med vengene spreidd ut. Det var ikkje spesielt varmt, rundt 18-20 grader, men likevel godt å lufte fjøra.
Hos Adam og Eva
Som nemnt var det ørnetomt her. Måsen får difor representere plassen.
Måsen var rask å hente opp ein liten pale vi heiv uti for å sjekke om ei havørn likevel kunne dukke opp rundt eit hjørne.
Hos Gunda og Otto
Gunda med sine svære venger er alltid eit imponerande syn på himmelen.
Otto siktar som sikkert er på fisken som ligg i overflata til høgre i biletet.
Otto sjekkar fangsten og festar høgre klo i oppstigingsfasen.
Gunda med sjøstøtt nedslag igjen.
Stilstudium av fiskaren Gunda.
Stilstudium av Gunda som siktar seg inn på fisken rett foran ho. Igjen imponerande stor denne rovfuglen.
Miljøfoto av Gunda i nedstigingsfasen til nytt fiskeopptak. Indre sunnhordlandsfjell i bakgrunnen.
Miljøfoto av Otto (nederst) og Gunda der dei ventar på fleire fiskekast frå båten.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.