Maratontur på fjorden, og havørnparet Adam og Eva er tilbake
To veldig fornøgde havørnfotografar med svært god havørnfotofangst. Tore Idsøe er veteran i båten og.
Sju timar på fjorden! Ein fantastisk søndag 7. juni, med blank fjord frå kl 9 til 15. Reine sommarstemninga etter kvart som sola braut gjennom skylaget og temperaturen steig mot 20 grader. Sånne dagar må utnyttast, og det gjorde Tore og eg til fulle. Det vart til at vi tok heile havørnrunden, og var innom alle havørnpara vi har kontakt med. Fire av dei hekkar i år.
Det største oppturen var at havørnparet frå 2022 er tilbake på same plassen og attpåtil med hekking. Det var fantastisk moro, og nesten litt rørande. Utfyllande tekst følgjer i underkapitla nedanfor.
Alle foto med Olympus/OM System OM-1 og M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. På dei siste turane har eg auka lukkertida til 1/3200 som standard. Det verkar som det gir betre resultuat for autofokusen idet havørna treff sjøen og da får ein fartsreduksjon som autofokusen har hatt problem med før.
Det kan bli mykje av dei same bildene på desse turane, og på denne turen vart det svært mange bilete å velge mellom. Eg har derfor prøvd å velge ut litt meir av type nærfoto og elles andre situasjonar og utsnitt.
Trykk på foto for å forstørre til full skjerm.
Hos Ottar og Gudrun
Første havørnstopp var hos våre våre havørnvener som endeleg har fått til hekkinga i år. Der var det først ganske stille og inga vaksen havørn i reiret. Så viste Gudrun seg på himmelen, men gjekk ikkje ned for å hente palen vi heiv uti. I staden for viste ho litt av den merkelege adferden ho viste i fjor. Etter ei stund dukka Ottar opp, og han henta to fiskar. Den første gjekk rett opp i reiret. Da kom Gudrun tilbake og overtok matinga. Hoørna gir frå seg nokre høge pipelydar som signal på at ho vil overta fisken og matinga.
Ottar med godt fiskegrep med høgrefoten.
Ottar i oppstigingsfasen og passerer tett på båten. Dette er eit utsnitt av nedre høgre hjørne. Når Tor kjem så nærme er det vanskeleg å følgje han med eit kraftig teleobjektiv. Det gir likevel gode høve for utsnitt.
På veg til reiret med svartbaken halsande etter.
Ottar hentar opp pale nummer to. Her fekk eg med augeblinkinga som dekker heile auget. Igjen er dette utsnitt av nedre høgre hjørne.
Hos Gyda og Tor
Neste stoppestad var hos Gyda og Tor. Det kom Gyda ut for å hente fisk. I litt kjent stil bomma ho på første forsøk, men gjorde ein sving og fekk henta fisken opp til reiret. Der fekk vi sjå og fotografert heile matingsseansen. Dei bildene vil ikkje bli publisert.
Gyda kjem inn for sitt fiskeforsøk.
Høgre vingen tar nedi sjøflata. Fisken ligg og duppar til venstre.
Gyda bommar på første forsøk, men snur og gjer eit nytt forsøk. Venstre vingen kom akkurat utafor bildeflata.
Gyda tok ein rask sving og henta opp palen nokre sekund seinare.
Det vart fiska ein del småfisk, som fort blir eit lett bytte for måsen. Her har ein fiskemåse tatt sjansen på å svelge ein småpale.
Adam og Eva er tilbake!
På veg til havørnparet frå 2022, no døypt Adam og Eva, svinga vi innom det som sannsynlegvis var reiret som vart brukt før 2022. Der kunne vi konstatere at reiret no nesten var vekke. Så dukka plutseleg ei havørn opp, og sette seg i eit tre og venta på fisk. Den kjente sannsynlegvis att båten. Fiskekassen var rimeleg full, så vi heiv kjapt uti den første fisken. Adam, som det viste seg var, nølte ikkje og henta den med ein gong. Da var spørsmålet kor han ville frakte fisken. Tenk om han dreg i retning reirplassen frå 2022, sa eg til Tore. Det viste seg å stemme, og vi kunne slå fast at Adam og Eva var tilbake og attpåtil med hekking. Vi kunne tydeleg høyre ungeskrik frå reiret. Tar du elles koplinga mellom det første havørnparet eg vart kjent med og namna dei har fått?
Adam var den som henta dei første par fiskane. Etter kvart kom Eva i gang, og samla frakta dei fem fiskar opp i reiret. Det var fantastisk å sjå at det er havørnaktivitet igjen i dette området. Eg er og rimeleg sikker no på at det var det same paret eg møtte på ein rekognoseringstur i februar 2025.
Adam har nett landa ved gamlereiret og kroppsspråket viser tydeleg interesse for å hente fisk.
Palen gjekk kjapt i sjøen, og Adam var raskt på vengene, her i glidefasen.
Eit sikkert fiskeopptak av Adam, der ein kan skimte fisken mellom begge klørne.
Adam landar og bøyer ein furutopp, nett som i 2022. Det er ein spesiell plass for oss, sidan det var her fotoprosjektet havørn for alvor starta.
Adam har henta fisk nummer to. Nokre av kjennemerka er blant anna prikkane på halen.
Eva tok seg av resten av fiskinga. Her viser ho fram dei svære vengene sine.
Sjøstøtt nedslag for Eva.
Som i 2022 hentar Eva opp fisk med høgre klo. Sjå ganske så likt foto på denne bloggen frå 8. mai 2022.
Eva sjekkar fangsten og justerer venstre klo.
Nytt fiskeopptak av Eva, igjen med høgre klo.
Stilstudium av Eva i fase tre.
Ny sjekk av fangsten.
Gunda og Otto tømte resten av fiskekassa
Siste havørnstopp var hos Gunda og Otto. Dei viste seg kort tid etter at båten landa, og gjekk raskt i gang med fiskeopptaka. Dei har generelt inga hemninga med tanke på kor mange fiskar dei hentar opp i reiret. Rekorden i fjor var 19 fiskar i pinsen!
Gunda bommar på første fiskeopptak.
Otto strekar med beina på veg til sin første pale.
Stilstudium av Otto.
Stilstudium av Otto idet han tar fisken.
Gunda med fokusert blikk på fisken rett foran ho.
Perfekt fiskeopptak av Gunda.
Til slutt var det berre ein større fisk att i fiskekassen. Den hadde vore tint opp to gonger, og ville sannsynlegvis ikkje halde seg flytande lenge nok. Vi heiv den derfor på land, rett under Otto. Han kikka ei lita stund ned, og slapp seg så ned for å sjekke den ut. Etter nokre minutt tok han sats og fekk den opp i lufta.
Otto slepte fisken like over sjøen før han fekk meir høgde. Han mellomlanda litt høgare på eit nes, før han løfta den vidare til reiret. Ikkje verst med ein fisk på minst to kilo.
Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne att ein kommentar nedanfor.