Tett på tedner, havørnene Gunda, Harald, Sonja og den bortkomne Otto

Tidleg søndag morgon 7. august la tre godt vaksne karar igjen ut på ein mangetimars fjordtur. Magne Langåker hadde med seg ein god porsjon frossenfisk som ga oss ein solid startkapital på dagen. Vi kan med andre ord gå rett på havørnene, og ikkje bruke verdifull morgonlystid på å fiske. Frossenfisken tinte i løpet av dagen, og kom godt med i møte med dei to havørnpara. Tore Idsøe er meir eller mindre fast mannskap, og let ikkje denne turen gå frå seg heller.

Målet for dagen var todelt. Å finne Otto etter historia med fiskesnøret og sjå etter våre nyfunne havørnvener.

Avsnitta nedanfor er delt opp etter havørnlokalitetane til Gunda/Otto og Harald/Sonja (tidlegare Adam og Eva). I samband med at vår kjære kong Harald gjekk bort 28. august fall det naturleg å omdøype Adam og Eva, som er namn som ikkje er heilt innarbeidd enno, til Harald og Sonja. Det er fint å tenke på at havørna Harald kan minne oss om kong Harald der han regjerer i lufta over Sunnhordland.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Klikk på foto for å fylle skjermen.

Gunda og ein unge

Første stopp var hos Gunda og Otto. Vi var framleis urolege for Otto og den uvisse skjebnen knytt til fiskesnøret han henta opp nokre dagar tidlegare, sjå denne bloggen. På morgonen var det berre Gunda og den eine ungen som viste seg. Gunda poserte fint, og henta opp eit par fiskar.

Otto var derimot ikkje å sjå denne morgonen heller. Vi bestemte oss derfor for å returnere seinare på dagen og sjå om han ville dukke opp.

Gunda poserte fint i eit dødt tre. Ser her rett på oss i båten.

Med fisk i sjøen var Gunda ikkje sein med å setje kursen rett imot.

Eit vellukka fiskeopptak av Gunda.

Det er to ungar i dette reiret, men berre den eine viste seg her. Sannsynlegvis heldt den andre seg i reiret.

Hos Harald og Sonja (tidlegare Adam og Eva)

Hos Harald og Sonja var det mykje liv. Tednene har etablert her sidan eg først fann dette paret i 2022. Dette havørnparet har blitt mykje plaga av måse og kråker. Tednene er mykje meir aggresive, og det var tydeleg at havørnene let seg plage av dei små makrelltednene. I fotoserien nedanfor er det ei aggresiv makrelltedne som får havørna til å snu seg i lufta.

Harald og Sonja er forstemmande like og til dels vanskeleg å skilje dei. Her trengs det meir tid og fleire foto for å vere sikker på kven som er kven. Normalt er hannen merkbart lysare i brysttregionen og mindre i storleik. Det kjem ikkje så veldig tydeleg fram hos dette paret.

Sonja var høglytt i misnøyen sin med tedne plageånd.

Til slutt ga Sonja opp og letta frå furutoppen. Seinare i august har tednene lagt ut på si ekstremt lange trekkrute til Sør-Afrika og havørnene har fått litt meir husfred.

Treffsikker Harald (trur eg) som hentar opp ein fisk.

Harald og Sonja har to ungar og. Her poserer den eine på ei lang furugrein.

Ungen har oss under oppsyn.

Miljøfoto av Harald (trur eg).

Harald på den nesten ytterste grein.

Den eine ungen har fått servert fisk på bakken og løftar den med nebbet sitt. Det var mykje skrik og skrål frå begge ungane.

Det er eit mektig syn når havørna landar i og bøyer ned furutoppen. Trur dette er Sonja.

Nærstudium av fisketeknikken til Harald (trur eg). Dei klørne er imponerande fangstreiskap.

Dei siste fiskane hadde tint ganske lenge og vart for tunge til å kunne flyte i sjøen. Dei siste heiv vi difor på land og Harald og Sonja delte på å hente opp tre landfiskar.

Det var eit artig syn når Harald (ganske sikker på det) henta opp den første landpalen. Veldig elegant gjort i fart.

Harald festar grepet med venstre klo i oppstigingsfasen.

Sonja hentar opp sin fisk som landa i fjøra.

Havørna Harald i all sin prakt siktar seg inn på landfiske.

Igjen er det imponerande fisketeknikk å hente opp ein landfisk i fart.

Begge klørne sørga for eit vellukka fiskeopptak på land.

Med ei god fiske- og fotoøkt hos våre havørnvener Harald og Sonja og deira to ungar, gjekk turen tilbake til Gunda og Otto. Det store spørsmålet var om vi ville finne Otto.

Otto er tilbake!

Som nemnt i siste blogg, så dukka Otto brått opp etter nokre minutts venting ved reirplassen. Det var utruleg godt å sjå han i god form og utan noko preg av historia vi hadde høyrt om fiskesnøret og fiskekroken han henta opp i lag med ein fisk som låg flytande lett synleg i vassoverflata. Alle tre om bord kunne svært så fornøgd konstatere at alt var tilbake til normalen. Otto er ein flott havørnfyr og det hadde vore frykteleg trist om han hadde fått fysiske problem. Det var nesten rørande å sjå 12-åringen igjen!

Otto er tilbake, og alle i båten fryda seg!

Takk for at du leste bloggen. Legg gjerne att ein kommentar nedanfor, og velkomen tilbake til neste blogg!

Forrige
Forrige

Fotoserie - Kråke og tedne søker havørn

Neste
Neste

Har fiskekrok og fiskesnøre hamna i reiret til Gunda og Otto?