Har fiskekrok og fiskesnøre hamna i reiret til Gunda og Otto?

Første veka i august kom det inn ei urovekkande melding om ei havørn som hadde henta opp ein fisk som framleis hang fast i fiskekroken. Ørna hadde og dratt med seg mange meter med fiskesnøre. Dette var i området til Gunda og Otto, og vi tenkte det sannsynlegvis var Otto som hadde henta fisken. Han er ofte den mest aktive av dette paret og er ein eminent fiskar. Uroa vår var knytt til om Otto hadde frakta fiskeutstyret opp i reiret til dei to ungane, og eventuelt kva skade dette kunne føre til.

Eit par dagar seinare var eg med Magne Langåker ein ettermiddagstur for å sjekke stoda. Vi fekk opp ein del makrell og ein god lyr. Gunda såg vi etter kvart øvst i ein tretopp. Ho hadde nok observert oss ei stund, og kom raskt ned og henta lyren. På veg mot land flaug det ein unge i hennar retning, samstundes som vi etter kvart høyrde ein unge til.

Det var viktig å få gode bilete av alle ørnene, og spesielt beina for å sjekke om fiskesnøret hadde hengt seg fast på eit eller anna vis. Gunda kunne eg raskt konstatere i kameraet at såg heilt fin ut, sjå det første bildet nedanfor. Etter kvart fekk vi god nærkontakt med begge ungane, og begge to såg og heilt fine ut. Det var og betryggande at ungane no var ute av reiret, i tilfelle fiskesnøret med krok ligg der.

Vi kunne altså friskmelde Gunda og ungane, men Otto var ikkje å sjå. Det vart å vente til dagen etterpå. Da dukka Otto opp på slutten av ein lengre dag på sjøen. Sjå avsnittet lenger nede.

Alle foto med Olympus OM-1, M.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Redigert i Lightroom og DXO PureRaw 5.

Det var godt å konstatere at Gunda var snørefri.

Den første vi såg studerer fisken den fekk av Gunda.

Litt nærare utsnitt av den første ungen.

Den andre ungen var ikkje så langt unna den første. Likevel var det vanskeleg å fastlå ca retning med utgangspunkt i skrika den ga frå seg. Her har han flytta seg nokre meter langs strandlinja og sette seg til å pusse fjørdrakta på ryggen.

Det vart eit fint portrettfoto. Her har eg fjerna ei grein som stakk opp rett foran brystkassa til ørna.

Den andre ørna flytta seg til eit svaberg. Det vart jo ein flott kamuflasjefarge for ungørna.

Den satte seg etter kvart med ryggen til og studerte oss i båten. Med 300mm (Micro 4/3) kom eg nesten for nær.

Så dukka Otto opp!

Dagen etterpå var eg med Tore Idsøe og Magne Langåker på ein lengre havørnsafari der vi var innom eit anna reir i tillegg til Gunda og Otto. Eit hovudmål og håp var å finne Otto og sjå at han var i god form etter hendinga med fiskesnøret. Det var difor eit svært letta og glad trekløver i båten da han dukka opp på slutten av turen og henta opp ein pale. Gode gamle Otto, han er 12 år i år, var tilbake etter fleire dagar uvisse. Det var nesten så vi vart litt rørt der vi fekk oppfylt eit hovudmål for dagen!

Vår kjære Otto dukka brått opp, og var ikkje sein med å hente opp den siste palen i fiskekassa! Stor jubel i båten!

Otto er ein proff fiskar!

Stilstudium av Otto i oppstigingsfase 3.

Takk for at du leste bloggen. Velkomen tilbake og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.

Forrige
Forrige

Tett på tedner, havørnene Gunda, Harald, Sonja og den bortkomne Otto

Neste
Neste

Havørna Ottar matar ungen sin på bakken