Havørna Ottar matar ungen sin på bakken
Sommarferien på hytta såg sin ende i starten av august. Heimover med båten tok eg turen innom Gudrun og Ottar. Dei har etter eit par års opphald fostra fram ein unge i år. Sist eg var der var på forsommaren, så eg var spent på korleis stoda var ved reirplassen. Eg hadde knapt kome fram før Ottar hadde oppdaga båten og sett seg godt synleg til rette. Med litt fisk i fiskekassen var han ikkje sein med å hente opp matfisk til ungen.
Det var ikkje aktivitet å sjå i eller ved reiret, men eg høyrde etter kvart ungeskrik som måtte kome frå bakkenivå. Eg navigerte difor til det same området som ungar her har halde seg tidlegare. Det stemte veldig bra, og eg fekk sjå og fotografere korleis Ottar leverte matfangsten til avkomet sitt. Det er mykje skrik og skrål, og moro å følgje med på.
Ottar er kanskje den mest tillitsfulle havørna. Denne dagen kom han så kjapt at eg tidvis la vekk kameraet med teleobjektivet og berre observerte fiskeopptaket hans. Det er forresten noko eg i større grad har gjort i sommar, å observere og oppleve korleis havørna kjem ned og hentar fisken utan å sjå det gjennom kamerasøkaren. Det er heilt klart ei anna oppleving, og noko eg kjem til å variere med på komande havørnturar. I sommar har fleire havørner og henta fisk mellom 5-10 meter frå båten. Har kasta nokre fisk ganske nærme med båten i ro for å sjå kva for minsteavstand dei enkelte individa er komfortable med.
Det vart eit veldig hyggeleg gjensyn med Ottar. Gudrun var ikkje å sjå, så håper alt står bra til der. Ho har hatt tidvis litt merkeleg åtferd dei siste par åra.
Alle foto med Olympus OM-1, m.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Klikk på foto for å forstørre på skjermen.
Ottar kom så fort at eg berre fekk bilete av han bakfrå i returen mot land. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Ottar leverer fisken til ungen sin. Alltid mykje skrik og skrål når ungane er ute av reiret. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Ottar sette seg klar i eit nytt furutre, men sleit litt med å få på plass høgre vingen som hang litt fast i ei furugrein. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Ottar i stupet mot nytt fiskeopptak. Tok ein serie på fleire bilete her. Artig bildevariasjon. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Ottar siktar seg inn. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Igjen kom Ottar så nærme båten at eg ikkje fekk noko meir brukandes bilete av sjølve fiskeopptaket. 1/2000s, f/4, ISO 2000
Havørnungen kikkar ut mot båten etter å ha fått levert fleire fiskar. Er det meir å hente, tru? 1/1600s, f/4, ISO 2000
Miljøfoto av havørnungen på bakken. 1/1600s, f/4, ISO 2000
Ottar har tatt på englevingane sine! 1/2500s, f/4, ISO 2000
Takk for at du leste bloggen. Velkomen tilbake og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.