Havørnene Gyda og Tor i felles svev
Det er ikkje alltid vèrmeldinga stemmer. Torsdag 30. juli var det meldt ganske så tett med regn, men det ga seg rett etter eg gjekk ut med båten på føremiddagen. Etter ein liten ferietur til Telemarkskanalen og Tretoppstien i Fyresdal var det tilbake til regn og gråvèr på Vestlandet. Juli var svært så bra her vest, men i slutten av månaden snudde landsdelen ryggen til sommarvèret. Målet med båtturen var først og fremst å fiske, men som vanleg var kamerasekken med i tilfelle havørner dukka opp på fjordvegen.
Det var ganske så tomt med fisk i frysaren, og fiskestanga måtte difor i aksjon. På den første fiskeplassen var det berre ein makrell å få, men fekk hyggeleg besøk av ein nise som vart liggande litt i overflata.
Gyda og Tor med sine to ungar var neste post på programmet. Medan eg aktiverte fiskestanga att, sat begge to og venta på ein sjanse til å hente fisk. Eg hadde berre fått opp ein makrell, og kunne ikkje kaste denne ut da Gyda mista tolmodet på land og kom ut for å sjekke fiskekassen og vise at ho var her. Dette har skjedd fleire gonger i år, og gir ei slags god kjensle av å god kontakt med desse havørnene.
Det tok ein god halvtime før eg fekk opp nok fisk til å ta ein materunde. Det vart igjen for lenge for både Gyda og Tor. Gyda klarte igjen ikkje å halde seg, og kom ut til båten igjen. Ho hadde jo sett at eg fekk fisk. Eg heiv da uti ein pale som ho plukka opp etter å ha bomma på fisken ein gong. Dette fekk Tor med seg, og han var raskt på vengene han og. Båten låg i ro, og det vart difor kort avstand mellom båt og fisken i sjøen. Tor nølte litt, men henta så opp fisken berre fem-seks meter frå båten. Det er det næraste han har vore, og viser god tillit til “matfar”. Begge to kom så raskt ut frå reiret til båten, og henta tre-fire fiskar til.
Etter ei stund forflytta eg meg langs land. Som forventa følgde begge to etter meg. Det var da eg såg at her kan eg få både Gyda og Tor på same bilete igjen. Det klaffa til alt overmål, med ein fotoserie av Tor som passerer Gyda i det ho landar i toppen av eit furutre. Det var full klaff, og havørnfoto eg ikkje har tatt før. Gøy!
Fisketuren, som endte opp som kombinert havørntur, varte i over fire timar. Med berre vatn og sjokolade i båten, var det på tide å setje kursen tilbake til hytta og fylle på med ein godt forsinka lunsj.
Alle foto med Olympus OM-1 og m.Zuiko 300mm f/4 IS PRO. Klikk på foto for å forstørre.
Gyda strekar med vingen. 1/2500s, f/4,5, ISO 1250
Palen var i underkant av to kilo og viser godt igjen i oppstigingsfasen. 1/2500s, f/4,5, ISO 1250
Same fiskeopptaket som bileta over. 1/2500s, f/4,5, ISO 1250
Gyda (til venste) sat først aleine før Tor kom og satte seg litt nedanfor ho. Da eg flytta meg innover langs land letta først Gyda og så Tor og følgde etter båten. Da fekk eg ein unik fotoserie med begge to samstundes. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Gyda i ferd med å lande. Tor heng på, og her kan ein lure på om han passerer foran eller bak ho. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Tor passerer foran Gyda i forhold til kameraet. Her ser ein og kor stor forskjell det er på storleiken til hann- og hoørn. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Kameraet går med 25 b/s og fangar opp nyansane i svevet. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Av dei 15 bileta i denne fotoserien er dette det optimale bilete. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Gyda har funne stillinga i tretoppen, og ventar på nye fiskekast. 1/2500s, f/4, ISO 1000
Gyda let ikkje vente på seg da neste pale hamna i sjøen. 1/3200s, f/4, ISO 1600
Gyda festar høgre klo i fisken. Havørnene vil alltid ha begge klørne festa, noko som sikkert gir betre balanse i flyging med last under seg. 1/3200s, f/4, ISO 1600
Da var det Tor sin tur til å feste ørneblikket på fisk i sjøen. Klokka er rundt halv fire. Som meldt er det starta å regne litt, noko ein ser i bildet og. 1/2500s, f/4, ISO 1600
Lyren var relativt stor, og med ein litt mindre havørn Tor enn Gyda, så ser fiskelasta relativt tung ut. Likevel ikkje noko problem for Tor her. 1/2500s, f/4, ISO 1600
Tor tok seg ein mellomstopp på bakken, før han frakta lyren opp til ungane i reiret. 1/2500s, f/4, ISO 1600
Ein siste litt mindre fisk til Gyda. Ho har ikkje fått høgre kloa i den, men jobbar med det i neste bilete. 1/3200s, f/4, ISO 1600
Eit utsnitt av Gyda i ferd igjen å feste høgre klo i den lille palen. 1/3200s, f/4, ISO 1600
Takk for at du leste bloggen. Velkomen tilbake og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.