Havørntur med broderen
Første brødretur på havørnsafari. Broder Kjell med caps!
Søndag 28. juni var det søndags for storebroder Kjell sin første havørntur. Vi deler fotointeressa, men der han i tillegg bruker penn/pensel og papir/lerret som utlaup for sitt kreative kunstnarsinn. Ta gjerne ein tur innom heimesida hans for “paintings and sketches/malerier og skisser”: www.kjellandersland.com
Denne søndags føremiddag rakk vi innom eit par reir. Først fekk Gyda og Tor eit par fiskar som vart frakta opp i reiret. Der sat framleis dei to ungane og skreik etter mat, samt trente vingane sine. Det er eit flott syn. Tor var ikkje heilt på fiskehugget med ein gong, men vart trigga av ein måse som slukte ein mindre pale. Da satte han full gass, sjå dei to første bilete nedanfor, og tvang måsen til å gulpe den opp. Eg rakk akkurat å få eit bilete av fisken på veg ned til sjøoverflata før Tor plukka den opp.
Det vart ein ny flott dag på fjorden. Takk for turen, Kjell!
Hos Gyda og Tor
Tor gir full gass etter måsen som slukte palen.
Tor passerer båten ganske nærme. Måsen gulpa opp palen like etterpå og Tor kunne hente den opp.
Gyda held auge med eit par nærgåande kråker.
Hos Gunda og Otto
Gunda har nett henta sin første pale.
Gunda får god oppdrift med dei svære vingane sine.
Otto i konsentrert fiskemodus.
Nok eit vellukka fiskeopptak av Otto. Kjekt å få han rett imot kameraet.
Otto med nytt sjøstøtt nedslag.
Det vart etter kvart ein del sjø, med aukande vindstyrke som det og var meldt utover dagen. Her er det Gunda som vellukka treff ein bølgetopp og får med seg eit nytt måltid opp til reiret.
Gunda i same fotoserien som biletet over. Med 25 b/s får ein god variasjon i biletutvalet.
Etter kvart var det berre fire makrellar att i fiskekassen. Dei søkk som kjent (manglar symjeblære), men kan som alternativ kastast på land. Det gjorde vi med Otto og Gunda sitjande rett over oss. Som nemnt over vart det meir uroleg sjø, så det vart ei utfordring å manøvrere båten nærme nok for eit makrellkast på land. Begge havørnene let seg ikkje be to gonger, og henta opp makrellane ein etter ein. Her er det Gunda sin tur.
Gunda lettar med ein makrell i høgrekloa.
Ein måse prøvde seg på ein nyfiske pale. Den vart for stor denne gongen, men alltids greitt å prøve seg.
Gunda leg seg ikkje be to gonger etter meir fisk.
Gunda med nytt sjøstøtt nedslag.
Stilstudium av Gunda i fase 3, oppstigning etter fiskeopptak.
Igjen er Gunda på flyfarten. Her eit utsnitt som viser eit konsentrert og fokusert ørneblikk.
Siste foto denne gongen, med innflyging for Gunda i fase 2.
Takk for at du leste denne bloggen. Velkomen tilbake og legg gjerne igjen ein kommentar nedanfor.