Gudrun og treåringen - aldersbestemming med Alv Ottar Folkestad
Var det Gudrun vi såg i lag med ungen frå 2023? Eller var det ein eldre unge, og eit mogleg parbytte på gang hos Gudrun og Ottar? Vi har ikkje observert Gudrun sidan starten av juni, og da oppførte ho seg rart, omtalt i denne bloggen.
Etter over ein månads havørnpause vart det omsider ein tur på ettermiddagen 30. september. Ein del vind og bølgjer på fjorden, men ikkje nok til å stoppe Tore Idsøe og meg denne gongen. Det gjeld å utnytte dei vèropningane som byr seg fram, og dette var ei av dei, nokså spontant etter jobb.
Ettermiddagsturen gjekk innom tre havørnpar, men med litt dempa forventningar om å treffe nokon heime. Nivået på forventningane slo dessverre til, med unntak av hos Gudrun og Ottar. Ved reirplassen var det inga havørner å sjå, så vi gjekk etter ei stund sakte sørover langs land. Da dukka brått ein ungfugl opp bak båten, flygande langs land i vår fartsretning, sjå første bilete nedanfor. Like etter steig den oppover og slo seg etter kvart i lag med ei vaksen havørn, sjå bilete nummer to nedanfor. Vi heiv uti ein fisk, men den vakte inga havørninteresse og begge fuglane trekte seg høgare og lengre vekk frå oss. Eg tok likevel nokre foto av dei, noko som gav eit uventa svar i gjennomgangen på mac`en heime. Der og da tenkte vi at dette var to ukjente havørner som streifa innom dette området. Foran skjermen drog eg overraskande nok kjensel på Gudrun som har eit “hakk” i venstre vinge. Samanlikning med bildearkivet frå juni gjer meg ganske sikker på at det var Gudrun som flaug i lag med den ukjente ungen. Gudrun og Ottar hekka ikkje i 2024 og 2025. Eit spørsmål var difor om dette var ungen vi observerte i 2023, som er det året eg oppdaga dette paret.
Spørsmålet vart stilt i facebookgruppa “ID og fugl!”, med tagging av havørnekspert Alv Ottar Folkestad: “Kan nokon bistå med å aldersbestemme denne unge havørna? Alv Ottar Folkestad? Fotografert 30.09 i Sunnhordland. Den dukka plutseleg opp i lag med Gudrun, ei av havørnene vi følgjer lokalt. Gudrun og maken Ottar har ikkje hekka sidan 2023, og eg lurer derfor på om dette er ungen frå 2023 som framleis er i området.Siste observasjon av Gudrun var i starten av juni. Da oppførte ho seg veldig rart, og vi har lurt på tilstanden etterpå. Møtet i juni er omtalt med tekst og foto her: https://www.sveinandersland.com/.../pinserner-del-1-3-drama”
Det gjekk ikkje lange tida før svaret kom frå Alv Ottar Folkestad:
“Skal vi aldersbestemme havørn (og fleire andre artar) med utskifting av ungfugldrakta over fleire år, er det viktigaste å sjå på kva fjører som er skifta og kva som står att av ungfuglfjør. Hos havørn og kongeørn er både form og lengde på ungfuglgenerasjonen av vengefjør så vidt spesielle at dei gjev gode haldepunkt. Ser vi på handsvingfjørene, er det rimeleg tydeleg at dei to ytste i venstre veng er av ungfuglgenerasjon, spisse i tuppen og nokså tydeleg slitasje, medan tredje ytste er heil og fin i kanten og tydlegvis skifta i år. Tilsvarande er dei fem inste fingerfjørene i høgre veng skifta og utan slitasjemerke. I armen ser vi at der er att ei forlenga ungfuglfjør i ytre del av armen, S4, og ei lenger inne på armen, etter alt å døme S9. Dette samsvarar med standard situasjon etter tre fjørskifte, altså ein 3 år gammal fugl (4K). Stjertfjørene er lite å halde seg til etter som individuell variasjon er nokså stor i overgangen mellom det vi kallar immature ("umodne") 2-3 år gamla fuglar. Innslaget av kvitt varierer også ein del frå individ til individ i desse overgangsdraktene, men er relativt typisk for gjennomsnittet. Det same gjeld nebbfarge. Nebbet virkar kraftig i rota, og også tærne virkar kraftige, så hovudinntrykket går mot hofugl, så det kan nok samsvare med at det i løpet av sommaren har vore utskifte i territoriet.”
Konklusjonen er altså at denne ungørna er tre år gammal, eller 4K på fagspråket. Den er altså født i 2022, og er i sitt fjerde leveår. Det slo beina under min teori om at det var 2023-ungen til Gudrun og Ottar. Som nemnt har vi ikkje observasjonar av Gudrun og Ottar før 2023. Om denne treåringen er ei ho, så kan det kanskje vere at Gudrun blir utfordra og Ottar får seg ein ny make? Det blir interessant å følgje med på gjennom vinteren og til neste vår.
I følgje havørnekspert Alv Ottar Folkestad er dette ei tre år gammal havørn, eller 4K på fagspråket. Det vil seie at den er i sitt fjerde leveår frå 2022. Det kan med andre ord ikkje seiast sikkert at dette er ein av ungane til Gudrun og Ottar.
Dette bildet er tatt på lang avstand og viser treåringen til venstre som sirklar i lag med Gudrun til høgre. Her ser ein tydeleg hakket i fjørdrakta i venstre vinge, eit kjennemerke hos Gudrun frå sist møte i juni.
Igjen er det eit privilegium å kunne dra nytte av kunnskapen til Alv Ottar Folkestad. Han bidrog også til å aldersbestemme Ottar, som du kan lese om i denne bloggen frå 14. april i år.
Takk for at du leste bloggen. Skriv gjerne ein kommentar nedanfor og velkomen tilbake til neste blogg.